nyhende

Familie søkjer om å få tilskot til rullestoltilpassa heim:

Å få gjort om på huset, ville betydd færre praktiske utfordringar for ein av gutane til Stine Marie Johannessen Heimestøl, men Sveio kommune har ikkje pengar igjen til slike tiltak i år. – Kor er pengane blitt av, undrar mora.
Å få gjort om på huset, ville betydd færre praktiske utfordringar for ein av gutane til Stine Marie Johannessen Heimestøl, men Sveio kommune har ikkje pengar igjen til slike tiltak i år. – Kor er pengane blitt av, undrar mora.

Kommunen har ikkje sett av pengar i år

Ein familie på Krossleite treng å få heimen tilpassa rullestol. Ei relativt ny ordning gjer at Sveio kommune får tilskot frå staten til slike situasjonar, men familien har fått vita at det ikkje er pengar å dela ut i år.

Publisert Sist oppdatert

Stine Marie Johannessen Heimestøl og Thomas Heimestøl er foreldre til fire. Eldsteguten har ein sjukdom som gjer at eine lårbeinet ikkje veks som det skal, og i november 2020 blei første beinforlengande operasjon gjennomført. Eine foten er no sju centimeter lengre enn den var for eit halvår sidan, og lengre skal den bli.

Lang opptrening

Så langt går det godt reint fysisk. For 12-åringen inneber inngrepa først eit halvår i rullestol og krykker. Opptreninga tar eitt år, før prosedyren kan repeterast – minst to gonger til.

– Når ein står i ein situasjon med eit barn med behov, er det altoppslukande. Han har vore gjennom fleire operasjonar og ein omfattande beinforlengingsprosess, og me ser at det han treng hjelp i ein lang periode etterpå. Huset vårt slik det er no, tilfredsstiller ikkje hans behov, seier Stine Marie Johannessen Heimestøl.

Heldigvis er det hjelp å få. Foreldra vart gjort kjende med at ein kan søkja kommunen om å få tilskot for å tilpassa huset den nye situasjonen.

Søkeprosessen blei sett i gong, anbod på ombygging av hus blei innhenta, funksjonsskildring av guten blei laga. Familien gjorde ein grundig jobb, og søkte Sveio kommune 700 000 kroner på nyåret i år. Dette er nok til å dekka ei ny innvendig trapp, trappeheis og inngangsparti i huset med byggeår 1969. Rullestoltilpassa bad, og eit soverom som er stort nok til å manøvrera ein rullestol er også med i summen. Tiltaka ville gjort guten, som snart er ungdom, sjølvstendig i kvardagen.

Kanskje neste år

I midten av mars kom svaret.

– Det var ikkje midlar å søkja om i år, seier ei oppgitt mor.

Dersom dei hadde fått hjelpa frå kommunen, ville dei fått ein start på prosessen, slik at alt kunne vera klart til neste runde med operasjon. Dei kan søkja på ny neste år – kanskje det er sett av pengar i budsjettet då. Om det gjeld heile summen, eller delar av summen veit dei ikkje.

Dei kan òg søka deira private forsikringsselskap om å få dekka delar av utgifta, men etter det dei har forstått, bør det ligga eit medhald eller avslag på søknaden til Sveio kommune før dei vil gjera noko.

– Det bør uansett ikkje vera nødvendig med private helseforsikringar i velferdsstaten, seier Heimestøl.

Eit behov for fleire

– I svaret frå Sveio kommune står det at søknaden oppfyller vilkåra for å få tildelt midlar. Og dette er berre oss – me har høyrt om fleire som har latt vera å søkja grunna svaret me har fått. Ser ikkje politikarane behovet, og kva har desse pengane gått til? Eg stiller meg undrande til dette – veit dei kva dei gjer? seier Heimestøl.

Powered by Labrador CMS