nyhende
Ber om at dagens ordning kan bli vidareført:
Meiner elevane har det betre i tre klassar, men skulen vil ha dei tilbake til to
Ei foreldregruppe stiller seg undrande til at Sveio skule gjer nok ei omrokkering på 2011-kullet, når det fungerer slik det er no. Til hausten blir det 49 elevar på 1. trinn – det uroar at dei blir delte i to store klassar.
Foreldre til elevar ved Sveio skule ber instendig om at budsjettet til skulen blir auka. I denne omgang er det foreldre til kommande 5. klassingar som er bekymra for framtida for barna sine. Dei meiner óg at heile skulen treng meir ressursar framover, for å ivareta ein trygg og lærerik kvardag for elevane – og lærarane.
Mor til ein elev som skal starta i 1. klasse til hausten har ein klump i magen, det kjem me tilbake til. Først litt om 2011-kullet, dagens 4. klassingar, som desse første skuleåra har vore gjennom mange kontaktlærarar og klassesamansetningar.
Tre klassar er best
Samtlege foreldre til dei som er elevar på 4. trinn, meiner heilt klart at elevane har det best når trinnet er delt i tre klassar slik som dei er i år, men det er bestemt at dei skal tilbake til to klassar frå hausten.
– Når klassane er store får ikkje elevane god nok oppfølging, fastslår Håvard Nesse, som i år har merka god utvikling for sin elev, i kontrast til 2. og 3. klasse.
Ut i frå erfaringar dei fire første skuleåra, meiner foreldra at planen for 5. trinn vitnar om dårleg planlegging, då dei veit at to klassar fører til mykje uro og støy, meir enn ein kontaktlærar i kvar klasse kan handtera. Dei meiner at det går ut over læringsutbyttet – og psykisk helse.
Koronamidlar
Skulekvardagen er også med på å forma ungane ellers i oppveksten, meiner Øystein Bjelland, som deler ein observasjon.
– Eg har sett fleire som er heilt andre ungar på fritida no når trinnet er delt i tre, seier Bjelland, og viser til at dei små har blitt kjekkare å ha med å gjera.
Dette siste året med tre klassar har i stor grad vore slik det skal vera i følgje foreldra, og mange av elevane har fått ro til å mellom anna læra seg å lesa skikkeleg. Det er takka vera koronamidlar frå staten årskullet har vore tredelt i år.
Det blir fortalt om ungar med tidvis uforklarlege magesmerter, magevondt, kvalme og hovudverk. Nokon kvir seg for å gå på skulen. I følgje Åse Lindeland, er dette klare teikn på at det ikkje som det skal på skulen.
– Når ein ikkje er glad, lukkeleg og nøgd set det seg i magen. Dei vaksne er med på å skapa urolege klassar og dårleg psykisk helse for barn med dårleg leiing, seier Lindeland, som synest det er uforståeleg at leiinga ved skulen vil ha årskullet tilbake i to klassar til neste skuleår.
– Dette er ikkje unikt for vårt trinn, det må midlar til for å styrka alle nivå i skulen, påpeiker Frank Hellesnes, som kan opplysa at dei frammøtte har samtlege foreldre frå årskullet i ryggen når dei seier at tre klassar er det einaste rette for trinnet.
Historikken
Foreldrene skildrar i grove trekk at det første og siste året på småtrinnet som gode for elevane, medan 2. og 3. klasse har vore prega av uro og utskiftingar av vaksne. Her er oppsummeringa av dei første åra på skulen: Hausten 2017 startar elevane i 1. trinn, med tre klassar og god lærar- og vaksentettleik i kvar klasse. I løpet av året blir det skifte av kontaktlærar i éin klasse.
Ved oppstart i 2. klasse har nokre elevar flytta, og dermed er det «få nok» elevar på trinnet til å bli slått saman til to klassar. Det blir ny klassesamansetning og kontaktlærarar for mange. Året blir prega av mykje sjukefråvêr blant dei vaksne. Ufaglærte vikarar fører til mykje uro i klassane.
Ved starten av 3. klasse i august 2019, er det framleis to klassar. Når elevane kjem tilbake etter den første koronanedstenginga i slutten av april 2020, blir trinnet delt i fire kohortar, med kvar sin kontaktlærar ut skuleåret. August 2020 er det tilbake til to klassar, med éin ny kontaktlærar. Etter nokre veker kjem kontrabeskjeden – kullet blir delt i tre, med kvar sin kontaktlærar, grunna koronamidlar. Ein klasse byter kontaktlærar igjen denne hausten.
– No har me fått beskjed om at elevane skal tilbake til to klassar denne hausten. Blir du forvirra? Tenk deg å vera 5-10 år gamal, og endringane skjer deg, seier Hellesnes.
49 elevar i 1. klasse
Marita Kvalheim er også med på intervjuet. Ho er mor til ein elev som skal starta i 1. klasse til hausten, der ventar 48 andre 5 og 6-åringar, fordelt på to klassar på 24 og 25 elevar i kvar klasse.
– Ein kan ikkje bygga hus på dårleg grunnmur. Det skal fungera både fagleg og sosialt, seier Kvalheim. Ho vil også få fram at tida på skulen er med på leggja føringar for framtida for sårbare elevar, som kjem frå ein barnehagekvardag med fleire vaksne, der det er hjelp å få til klede, toalettbesøk og ikkje minst trøyst og trygging.
– Korleis vil dette bli ivaretatt i praksis? Ungane i Sveio kommune bør ha like moglegheiter, uavhengig kva skule ein startar på, og klassane er mindre andre stadar i kommunen. Kvifor slik ulik behandling av små barn? spør ho.
Statsforvaltaren
2015-og 2011-kullet har nesten same storleik – vil Sveio skule gjera same feilen éin gong til, og ha eit så stort kull i to klassar, undrar Lindeland.
– Det er kanskje på tide å sjå på om budsjettet er feil? seier Rune Nornes, FAU-representant for ein av klassane.
– Det kostar pengar å utdanna elevar, seier Stine Prøysen, og viser til at politikarane har gjort ein sløv jobb ved å ikkje løyva nok midlar dei siste åra. Ho saknar informasjon frå skulen si side om prosessen med å leggja om trinnet.
Å leggja fram saka for Statsforvaltaren i Vestland er vurdert.
– Men me kan ikkje gjera noko før skulen startar til hausten, seier Hege Kinn, som forventar at alle elevar får lik utdanning i kommunen.
Merk at dei som har uttalt seg ikkje ønskjer å retta kritikk mot tilsette på Sveio skule, som dei opplever har gjort det dei kan ut i frå situasjonen.