nyhende
1,1 millionar kroner i ekstraløyving til skulen
Rammeområdet skule får for skuleåret 2021/2022 ei ekstraordinær tilleggsløyving på totalt 1,1 millionar kroner. Dette for å styrka og sikra naudsynte midlar.
Måndag var det møte i kommunestyret. Ei sak det var forventa at politikarane ville gjera noko med, var budsjettauke til rammeområde for skule. Samtlege parti hadde på førehand signalisert at dei ville ha meir pengar inn i skulen frå hausten. Det var posisjonspartia Ap, FrP og dei to uavhengige som fekk fleirtal (13-12) for sitt forslag.
Vedtaket seier at rammeområdet skule skal aukast 500 000 kroner på denne sida av kalendaråret, men i røynda vil det seia at ekstraløyvinga er på 1,1 millionar kroner for skuleåret 2021/2022.
Asle G. Halleraker frå Sveio Ap forklarar korleis dette heng i hop:
– Når ein gir ekstraløyvingar til eit rammeområde i revidert budsjett, slik me no gir 500 000 kr til skule, vil dette automatisk føra til ei vidareføring inn mot neste år, sidan budsjettet for skulen følgjer skuleåret. Ein må planlegga for heile skuleåret 2021/2022 og ikkje berre halve, seier Halleraker.
Lik fordeling
Kommunestyret har også bede rådmannen om å sikra ei mest mogleg lik ressursfordeling på skulane i Sveio, innafor dei til ei kvar tid gitte rammene. Tidleg innsats må sikrast ved innføring av to-lærarsystemet, som skal evaluerast førebels til siste ordinære møteserie i år.
Dette blei vedteke med 13 stemmer frå posisjonspartia Ap, FrP og dei to uavhengige.
Opposisjonen, altså Høgre, Sp, KrF, SV og MDG. hadde forslag om å auka budsjettramma for Sveioskulane med 1 million kroner i 2021, og 2 millionar kroner i 2022, men fekk ikkje oppslutnad for dette.
Debatt i desember
Etter møtet blei det på Facebook framheva at posisjonspartia same kveld vedtok å spara 1 million kroner på rammeområde skule i 2022.
Det er på bakgrunn av at rådmannen har eit mål om å spara 12 millionar kroner på tre år, at det ligg inne forslag om å mellom anna å justera rammeområdet for skule ned med 1 million kroner i 2022. Saka blei vedteke av posisjonen, men Halleraker meiner at det ikkje er ei rett framstilling å seia at dei har vedteke å redusera på skulebudsjettet for neste år.
– Me i posisjonen har ikkje gått inn for å redusera skulebudsjettet no. Ein slik påstand er direkte feil. Dette blir ein del av budsjettdebatten før budsjettet i 2022, sjølv om dette ligg inne som forslag frå rådmannen i økonomiplanen 2022-2025. Kvart budsjett blir behandla for seg, og dette vil me ta i desember, når me har oversikt over situasjonen for den totale kommuneøkonomien, seier Halleraker.