nyhende
Kjem til å invitera eldre på gratis middag
Sveio kommune har blitt tildelt 125.000 kroner til å gjennomføra prosjektet «Eldre ut på middag». Midlane kjem frå Statsforvaltaren i Vestland.
– Arrangementet er planlagt i slutten av august og målgruppa er busette i Sveio kommune over 65 år. Nærare informasjon og påmelding vil koma i starten av august, opplyser kommunalsjef helse og omsorg, Ingunn Toft.
Lokalt – og alt gratis
Ifølgje Toft ønskjer Sveio kommune å nytta lokale bedrifter, og vil ha to tilbod; Ryvarden Kulturfyr og Kaien AS i Førde. Det vil bli servert ein flott middag, og dei eldre får anledning til å nyta eit måltid saman med andre.
Arrangementet har ei avgrensing på 250 deltakarar, og det vil ikkje vera krav til eigendel med omsyn til at alle skal ha lik moglegheit til å delta.
– Sveio kommune har høg dekningsgrad av vaksinerte som gjer at det skal vera trygt å delta, men det vil ikkje vera krav at ein må vere vaksinert for å delta, opplyser Toft.
For dei som har behov for bistand til transport vil dette leggjast til rette for. Sveio frivilligsentral vil og samarbeida i høve til gjennomføringa.
Håpar på god oppslutnad
– Me vonar tilbodet vil opplevast som eit positivt tiltak i ein kvardag som har vore annleis i halvanna år, at mange har lyst, og at dei aktuelle som ønskjer å delta, alle bidreg til ei kjekk oppleving saman, seier Toft.
Tilskotsramma frå Vestland fylke er 3 540 000 til fordeling, dette er basert på talet eldre i alderen 65 år eller meir. Formålet med tilskotet er å motverka fysiske og psykiske konsekvensar av sosial islolasjon og å leggja til rette for at eldre igjen kan vera del av eit sosialt felleskap etter at vaksinasjonen er gjennomført.
Statsforvaltaren i Vestland har hatt seinare tildeling av midlar enn rogalandskommunane, difor vil Sveio sitt arrangement leggast på seinsommaren.