nyhende
Møt Jon Ludvig Berstad (99)
Jon Ludvig Berstad har vore handelsmann i heile sitt lange yrkesliv. Han har også vore aktiv på andre områder, blant anna som grunnleggjar og dirigent for Eikeland musikkorps og organist i Sveio-kyrkjene.
Handelskarriera til Jon Ludvig Berstad starta i krigsåret 1942 i Åsen i Trøndelag. Deretter dreiv han delikatesseforretning i Bergen i ti år, før han overtok ein eksisterande butikk i Auklandshamn i 1957. I Revabåsen dreiv han forretning i lokalar på kaien fram til 1965, då stod det nye forretningslokalet ferdig, og i 1969 blei det bygd leilegheit oppå butikken og familien flytta dit. Her har Jon budd åleine sidan kona Liv døydde for 12 år sidan.
Vindaugskarmane i stova er fylt opp med raudblomstrande pelargonia som i ettermiddagssola strekkjer sine lange skot oppover og utover, og dannar ei mjuk ramme om det store «sunnhordlands-maleriet» som opnar seg i vest.
– I sør heilt til venstre ligg Langevåg, kommenterer Jon Ludvig. Han skjenkjer i kaffi og byr på sjokoladekake frå ein isboks han har sett på bordet.
Søskenflokk på ni
Han vart fødd 12. oktober 1921 i Davik, ei bygd på sørsida av Nordfjorden. Foreldra var Elisabeth og Jakob Berstad, og Jon Ludvig vaks opp midt i ein søskenflokk på ni – sju gutar og to jenter. I dag er han den eldste av tre gjenlevande søsken.
– Eigentleg skulle me heita Blaalid, men far tok Berstad-namnet då han gifta seg med ei jordajente frå Kjølsdalen, forklarar Jon Ludvig.
Eit av hans første minne er knyta til mora, som alltid var den første for han. Som liten hadde han eit uttrykk som stadig gjekk igjen, og som han uttalte med bestemt toneleie: – «Det er sant, mamma sa det!»
Han blei tidleg musikkinteressert, og var ikkje store karen før han lærte å spela fiolin. Og alt før konfirmasjonen hadde han laga si første fele.
– Planen var å bli lærar, og der passa musikken og fiolinen godt inn; eg skulle få praktisera og ha glede av det i skulearbeidet mitt. Men så vart det heilt andre ting eg slo inn på. Jau, det vart no så merkeleg korleis det bala seg til, eg vart handelsmann, seier han og ler.
Frå svein til sjølvstendig
Då Liv Holmås, hans tilkomne ektefelle, fekk jobb i Bergensmeieriet, var Jon i Trøndelag og skulle bli handelsmann. I Åsen kommune sa han seg villig til å steppa inn som handelsmann for ein far og son som var tekne i tysk fangenskap. Dette var i 1942, og fram til krigen var slutt og karane kom heim att, fekk han god erfaring med yrket.
– Det å vera handelsmann passa eg godt til, fann eg ut. Eg likte å ha med folk å gjera, og eg likte å arbeida sjølvstendig, fortel Jon Ludvig.
Etter krigen dreiv han saman med kona, delikatessebutikk i Bergen i perioden 1946 og rundt ti år fram i tid. Frå 1950-1953 fekk dei tre søner på løpande band, først Trygve, deretter Erling og til sist Kåre.
Berstad Handel
Auklandshamn var ei ukjent bygd heilt fram til familien i 1957 overtok ein eksisterande landhandel ved sjøen, nærare bestemt Revabåsen. Den nye handelsmannen la vinn på å ha eit velassortert varelager til ei kvar tid, og båt- og fiskeutstyr var han stort sett åleine om. Strategien var å skaffa varer som kundane likte, og det han ikkje hadde, skaffa han.
Men sjølv om butikken låg på ein avsidesliggjande plass på landet, slapp han ikkje unna konkurranse. Det var både butikk i Vestvik og på Øklandsneset, Berstad landhandel låg midt imellom.
– Jau, det var sakta kamp om kundane. Me prøvde vel alle tre så godt me kunne å bli åleine om handelen. Det gjorde eg, og det gjorde dei andre også. Han ler.
– Korleis treivst du som handelsmann i Auklandshamn?
– Det blir alltid både positive og negative ting i ei bygd, spesielt som handelsmann er du utsett for kritikk og misunning.
Potetdyrkar
Sjølv om han forlengst har slutta av som handelsmann, og dertil har oppnådd svært høg alder, har han ikkje slutta med sine daglege gjeremål som har med hus og heim å gjera. Han følgjer også godt med både på lokal- og riksnyhende. Han bakar sine eigne brød, og han steller både plen og planter, men presiserer at det var kona som var meister for hagen. No er han åleine om potetdyrkinga også, men gir ikkje opp innøvde vanar så lenge han har helsa.
– Jau, eg fekk i jorda nokre poteter i år også, men eg kjenner åra sig på når eg skal ned å luka ugras, og dét er det mykje av i år!
Korps og kyrkje
For meir enn 60 år sidan tok Berstad initiativet til å starta Eikeland musikkorps i den nye heimbygda. Korpset hadde sin første konsert jula 1958, Berstad svinga taktstokken både den gongen og dei neste 18 åra.
Ei tid var han organist for alle tre Sveio-kyrkjene, men fann ut etter ei tid at det blei for mykje, så han måtte trappa litt ned, han skulle jo passa butikken også.
Målmann og menneskevenn
Jon Ludvig er oppteken av målsaka, og har kjempa for nynorsken lenge. Det er mange titals år sidan han melde seg inn i Noregs Mållag, etter det han kan minnast var rett etter konfirmasjonen. I 1977 var han utsending til landsmøte i regi av Karmsund Mållag.
– Det eg lurar på no i min alder, når premien skal betalast kvart år, er det tida for å slutta no? Men nei, har eg halde ut så lenge, vil eg halda ut til eg ikkje veit om noko meir av slike ting og kan gjera noko med det, nikkar han ettertenksamt.
Då han blei pensjonist var Jon Ludvig kvar fredag på plass på Sveio omsorgssenter for å lesa stykke frå bøker, dei song og han spela piano. Han tok også fram fela si og underheldt.
– Eg såg det som ei stor og viktig oppgåve, dette å arbeida med dei eldre. Der fann eg eit område få andre hadde teke i ferde med, så eg tenkte at der hadde eg ei oppgåve å gjera.
Det største i livet
Den største og det viktigaste hendinga for Jon Ludvig skjedde rundt 1951, i den tida han kom til Bergen og byrja som handelsmann.
– Eg hadde ei oppleving med eldste sonen vår Trygve som var knapt eit år gamal på den tida. Han fekk ein alvorleg sjukdom, og det var ingen som trudde vesleguten vår skulle leva opp. Samstundes hadde eg ei sak med Vår Herre og mi sjel, som eg måtte sikra i Jesu varetekt. Då frelste Han Trygve og meg i Gud Jesus, og då vart eg sikker i mi tru, og Trygve fekk leva.
Jon Ludvig forklarar opplevinga som ei herleg båre som skylde over seg, og vaska han rein.
– Eg kan sei det er det største som har hendt meg i livet, at eg fekk full visse om at eg var eit Guds barn, og så var det så flott at eg fekk Trygve med meg, seier han stille.
Hendene hans ligg falda på bordplata, slik dei har gjort mesteparten av tida med har sete og prata. Eg vil minnast hendene hans. Akkurat som mange av oss hugsar VG si førsteside i 1987 med landsfaderen Einar Gerhardsen sine hender som kviler på stokken, dagen etter at han døydde.
Det er slikt som vekkjer kjensler og ettertanke.