Tre av dei seks borna til Berta Gurine Gregoriusdattar Staupe (1868-1952) og Jon Kristian Normannson (1868-1952) utvandra til Amerika frå Selsåsvågen i dåverande Vestre Vikebygd. Det var Gregorius, Normann og Anna Karine.
Det er litt av Gregorius og Normann si livshistorie som blir omtalt i denne artikkelen. Slik som mange andre søkte også dei lukka i Amerika på ei tid då det var knapt med arbeid her heime. Ein av dei døydde for sitt nye heimland «over there».
Gregorius Selsås (1895-1978) emigrerte til Amerika i april 1912. 17 åringen hadde avtale med Ole Hendrikson i Ossian i staten Iowa, som betalte for reisa hans, mot at Gregorius forplika seg å arbeida på farmen hans i to år.
Då pliktåra var over reiste han til Moorehead i Minnesota der han arbeidde på ein farm. Samstundes utdanna han seg til bilmekanikar. Seinare i arbeidslivet jobba han på sagbruk og høvleri.
Gregorius gifta seg med Edith Caple (1902-1986) og fekk borna Normann f. 1920 og dottera Edith f. 1924.
Normann, bror til Gregorius, (1896-1918), inngår også avtale med farmaren Ole Hendrikson i Iowa.
I januar 1917 skriv Gregorius heim til foreldra i Noreg, han kan fortelja at broren er komen vel fram. Han skriv også at Ole Hendrikson er ein god mann å arbeida for og at han følte seg heime der.
Første verdskrigen starta 28. juli 1914. Amerika kom med i krigen frå april 1917, og mobiliserte over fire millionar menn. Då krigen slutta i november 1918, hadde USA lidd eit tap på rundt 110 000 døde, av dei ca. 43 000 som hadde døydd som følgje av influensaepidemi, den såkalla spanskesjuka.
I ein avisartikkel frå Ossian i 1918 går det fram at nordmannen Normann Selsås er død:
«Krigen har krevd sitt første offer frå Ossian. Normann Selsås som blei innført i USA si teneste døydde 7. oktober 1918 av Spanske influensan ved Camp Dodge i Iowa. Båra hans ankom i dag klokka 13.30 til Rock Island ført fram av korporal L.B. Hewitt frå Camp Dodge. Ossian Cornet orkester, speidargutane og eit stort tal borgarar var møtt opp. Gravferdsseremonien blei leia av orkesteret og speidarane som marsjerte til den Norsk Lutherske kirke.
Båra blei seinare ført til heimen til Berge Benson, eit søskenbarn til den avdøydde (Berge er truleg eit søskenbarn til den avdøyddes far, frå Huglo på Stord).»
Vidare i avisartikkelen går det fram at seremonien starta neste ettermiddag i heimen til Benson, og vidare til Stavanger kirke der pastor K. R. Kvammen forretta. Alle forretningsstader var stengt både då båra ankom, og under sjølve gravferdsseremonien. Og flaget på tinghuset i Decorah var på halv stang.
Vidare referat frå minneorda om Normann Selsås:
«Den avdøydde er ein ung mann, og han var tilsett av Ole Henrikson på garden hans då han blei innført til tenesta. Han har ein bror i Boxton i Nord Dakota, Gregorius, som kjem i kveld. Foreldra bur i Noreg.
Normann var ikkje amerikansk statsborgar, men då innkallinga av menn blei varsla, gav han villeg frå seg den utsette klassifiseringa og eit fritak, som hadde vore hans privilegium. Han var i trening for å førebu seg på utanlandske plikter på vegne av det landet han hadde til hensikt å kalla for sitt. Sjølv om han ikkje døydde i skyttargravene brakte han sitt høgaste offer, han gav sitt liv for saka. Må han kvila i fred.»
(Det var Anna Karine som tok vare på avisutklippet etter broren Normann, og som barnebarna hennar maila til Karmøy, og seinare til Staupe.)
Tor Magne Larsen