Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Om treskeverk, bading og fiske
Denne historia blei første gong presentert i Vestavind i september 2009.
Både før og mange år etter krigen, var det vanleg at dei på gardane rundt om i Sveio dyrka korn som dei hadde til eige bruk. Kornet måtte treskast før det blei sendt på mølla, dette blei gjort på forskjellig vis.
Den eldste måten eg kan hugsa, var med ein reiskap som blei kalla tust. Det var to stokkar som var botne saman. So la dei kornbanda mot kvarandre på låvegolvet og svinga tusta rundt og banka til kornet losna frå halmen. Oftast var det bonden sjølv som svinga tusta, men var det mykje korn var det folk å få leiga som dreiv med den slags arbeid.
I byrjinga var 1950-åra kom det eit lite treskeverk til gards. Det var ikkje større enn at ein kunne flytta det frå gard til gard på ein høyslede. Fire mann måtte til for å betena vidunderet, som blei drive med handemakt. Eg var med to år hos naboen, og det var eit forferdeleg slit. Eg rekna meg ikkje for nokon svekling, akkurat i 20-årsalderen, men det var ikkje akkurat mykje pepp igjen etter nokre rundar med sveiven.
Etter eit par år blei det kjøpt inn eit brukt treskeverk, som visstnok folk frå heile Sveio hadde aksjar i. Det var eit monster av eit treskeverk; det måtte vera minst to hestar for å flytta det. Ein motor på fire hjul, og over 1000 kilo var ikkje alltid like lett å få på plass. Når det starta opp skremde det vettet av både hund og katt på garden.
Motoren skal eksistera den dag i dag, og skal stå under ei låvebru ein plass i Sveio, men eg veit ikkje kor. Hos oss var treskjeverket i bruk to gonger. For å betena verket måtte alt folket på garden hjelpa til. Hos oss hugsar eg me brukte verket ein lørdag, og då me var ferdige fekk alle middag. Etter kaffien blei det henta ei flaska eller tre, med årsgamal solbærvin og toradaren blei henta ned frå loftet.
Det blei spelt alt frå skillingsviser til gamle og nye slagarar, og om nokon ville ta seg ein svingom, var det ingen som nekta dei det. Eg har ofte tenkt på den tida. Den gongen hadde naboane tid til å snakka med kvarandre, og drikka ein kopp kaffi utan å bli høgtideleg bedne. Det er naboar i dag også, men eg lyg ikkje når eg seier at eg ikkje veit kva dei heiter.
Drukningsulukke
Etter å ha levd så pass lenge som eg, har det blitt nokre episodar opp gjennom åra, både gode og mindre gode. Alt frå eg begynte på skulen hadde eg lært å beherska symjekunsten, og heilt til eg blei konfirmert var eg og to kameratar å bada frå mai og langt ut på hausten. Det var stup, dykking og symjeturar på ein time eller meir.
Ein dag me sat på kaien og slappa av, var det ein mann som forsøkte å symja med ei åra under kvar arm. Det gjekk ikkje så bra. Han mista årane og sokk som ein stein på to meters djupne. Utan å tenkja stupte eg frå kaien og på eitt eller anna vis fekk eg han til overflata. Det var då problema begynte. Mannen tørna fullstendig og knyttnevane hagla rundt meg. Og eg, ein spinkel 13-åring, hadde ikkje mykje å stilla opp mot ein stor kraftig mann som tørna heilt. Og hadde det ikkje komme hjelp hadde eg antakelig hamna på botn eg også. Men den gongen var flaksen på mi side.
Eit par år etter at eg var ferdig i militæret, kom ein mann og spurte om eg kunne vera med å sokna etter ein ungdom som var gått ned under bading. Eg og ein nabo lagde noko provisoriske soknereiskap og fekk ungdomen opp i båten. Noko liv var ikkje å venta etter over ein time i vatnet. Å ro til lands med ei slik last liggande i botnen av båten, medan pårørande og naboar stod og venta på stranda, var hard kost.
Men ein vil helst hugsa det gode. Til dømes då me på fine sommar- og haustdagar dorga etter lyr og pala ved Svartaskjer og Karagrunnen, og når me ved midnatt kom heim, sløydde og kokte blodfersk pala. Og du var heldige med kokinga og palestykka krølla seg på fatet, og du hadde flatbrød og meierismør til. Det fanst ikkje betre mat å få.
Isfiske på Ålfjorden
Eg har alltid budd ved sjøen og likt meg i båt og har mange minne derifrå. Me hadde også isfiske på Ålfjorden, det var vide kjent. Eit gamalt ordtak seier at når isen la seg på Ålfjorden hadde alle sveibuar båt. Men det var ikkje berre sveibuen som då hadde båt.
Det var folk frå Skåre og Haugesund som nytta høvet å få seg nokre fiskar. Og det var oftast folksamt på isen. Dei hadde oftast med seg termos og nista og hadde det triveleg. Sveibuen kom over Kvalvåg og Våga når dei skulle på isen. Dei gjekk til fots, sykla eller skeisa. Skårebuen kom over Fjon og folk frå Haugesund og Skjold kom over Sundfør.
Det bar etter kvitting på Sørevågen, hyse ved Flatnesland og Karagrunn, og småtorsken etter land. Skulle ein ha stortorsk var Sundførvågen plassen. Men den var ikkje alltid så villig til å bita på kroken.
Det var på isen eg fekk min største fisk, ei langa på 18 kilo. Den hadde eg mykje bal med å få opp. Nokre fiska med garn på isen, men det var helst dei som hadde fiske som leveveg. Dei hogde hol i isen med fem-seks meters avstand, stakk ei lekta med eit snøre i frå hål til hål og drog garnet ut på den måten. Me som fiska med snøre hadde oftast kjelke eller noko liknande. Me festa gjerne snøret til ei lita grein. Den var som ei lita fiskestang og då slepte me å halda på snøret heile tida.
Isfiske var eit interessant fiske som samla mykje folk. Ein kunne vera heldig å få bra med fisk. Andre dagar kunne ein vera glad viss ein fekk ein kvitting til katten.
Olav Bøe (1925-2009)