nyhende
Gratis middag utløyste telefonstorm
Guro Røher Eriksen, prosjektkoordinator ved Sveio frivilligsentral, fekk ein travel dag tysdag då påmeldinga til «Eldre ut på middag» starta.
– Telefonen ringde heile dagen, og eg hadde knapt lagt på før det kima igjen. Det blei ein veldig kjekk dag på jobben, folk var nøgde og det var god stemning, fortel Guro Røher Eriksen.
Før dagen var omme hadde ho 140 personar på lista si. Påmeldingsfristen er sett til 18. august, og ho reknar med å fylla opp alle plassane på totalt 250 personar innan den tid.
Det er Sveio kommune med tilskot frå Helsedirektoratet, som spanderer. Tilbodet er retta mot dei over 65 år og fastbuande i kommunen. Middagane vil blir gjennomførte over tre dagar i to lokale, Ryvarden Kulturfyr og Kaien i Førde. Datoane ein kan velgja mellom er 24., 25. og 26. august.