nyhende
Stor auke i talet på førsteklassingar
Nytt skuleår for grunnskulen startar onsdag 18. august og totalt er det 95 førsteklassingar som har sin første skuledag i Sveio.
Ved skulestart er det i år 21 fleire førsteklassingar enn i fjor, i parantes tal førsteklassingar ved skulestart i 2020:
• Sveio: 50 (34)
• Vikse: 19 (14)
• Førde: 13 (14)
• Auklandshamn: 6 (5)
• Valestrand: 7 (5)
Ifølgje kommunalsjef Elisabeth Nygaard får Sveio skule neste skuleår omlag 294 elevar frå 1.-7. trinn, og ved ungdomsskulen er det omlag 233 elevar. Nokre av ungdomskuleelevane har søkt seg over til privatskular i Haugesund, desse er Danielsen og HTG ungdomsskular.
Elevauke på Sveio og Valestrand
Både Sveio og Valestrand oppvekstsenter opplever vekst i elevtalet ved skulestart. Sveio aukar elevtalet med 27, medan Valestrand oppvekstsenter får 50 elevar frå 1.-7. trinn, noko som er ein auke på 4 elevar frå 2020.
Auklandshamn skule får omlag 46 elevar frå 1.-7. trinn, dette er likt med fjoråret.
Vikse skule derimot opplever ein liten nedgang i elevtalet; 146 elevar frå 1.-7. trinn er 7 færre elevar enn i fjor.
Førde skule er stabil med omlag 89 elevar ved 1.-7. trinn, noko som er 1 elev mindre enn fjoråret.