sport

Ungt A-lag er klare for å visa motstand

Dei er unge, men likevel seniorar. Dei raudkledde herrespelarane i 6. divisjon går ikkje for noko mindre enn opprykk denne sesongen.

Publisert Sist oppdatert

Heimekampar på Sveio stadion

23.08.2021
Sveio-Vard Haugesund 3

13.09.2021
Sveio-Trott 2

27.09.2021
Sveio-Nord 2

11.10.2021
Sveio-Åkra 2

Endeleg rullar ballen for seniorspelarane i Sveio IL. Treningane starta opp i juli, snart er det seriestart.

– Det er fantastisk! Det har vore litt for lang ventetid. Me satsar på at det blir ein tur opp til femte, seier Aasmund Bakke Handeland, som ser fram til å spela kamp igjen.

– Det er fantastisk å vera i gong igjen, seier Aasmund Bakke Handeland i blå t-skjorte.

Det ser ikkje ut til at nokon har mista lysten til å spela fotball på trass av pausen på rundt halvtanna år. På papiret er det 24 spelarar i stallen, mange er forhindra i å møta opp på trening i ferien.

– Me har heldigvis gløden framleis. Me har hatt moglegheit for å trena utan kontakt, men det har ikkje vore eit alternativ. Me vil spela fotball, ikkje senda pasningar, seier trenar for herrelaget, Henrik Larsen.

Raske i beina

Det er ikkje ukjende lag som er med i serien. Trenaren kjenneteiknar motspelarane i serien generelt som godt vaksne herrar, gjerne nokre kilo over middagshøgda.

– Det viser seg igjen i taklingane. Heldigvis er me eit ungt lag med ein snittalder på 23-24 år, som er godt trente. Me spring meir enn dei andre i divisjonen, men minuset er at me ikkje har så mykje rutine. Dei me spelar mot, er nok kjappare i hovudet, trur Larsen.

Henrik Grasdal Larsen er trenar for A-laget.

Sjølv har han kombinert rolla som både trenar og spelar, men etter ei hending på banen for ei tid tilbake som gav han status som fotballinvalid, har han fullt fokus på trenarrolla. Han ser fram til seriestart, og har trua på eit opprykk.

– Me er meir enn gode nok for 5. divisjon, anslår Larsen.

Passe seriøst

Dei ser ut til å jobba godt, karane på bana. Dei er i gong med øvinga «firkant», som skal få fart på beina.

Det er litt prestisje og alvor når fotballskoa er på. Det er til dømes ikkje rom for, eller akseptert at lagkameratane skal prata om kva dei skal gjera på i helga når dei er på trening. Ei heller å unnlata å møta opp på trening utan å gi beskjed først. Til slikt finst det ei bot-kasse for. Ein kan også få bot for å ikkje få bot. Det er rundt 20 lovbrot ein kan få økonomisk straff for på A-laget.

– Botsystemet er mest for gøy, pengane går til laget, forklarar trenaren, og legg til at dette er noko spelarane har seg i mellom.

Kiosk på heimebane

Sjølv om både treningar og kampar er i gong igjen, blir det berre eitt møte med kvart lag i serien denne sesongen – ikkje to som er vanleg. Første seriekampen blir på Sveio stadion (graset) måndag 23. august, då er Vard Haugesund 3 motstandar.

Publikum er hjarteleg velkomne.

– Me har eit ønskje om at kampane skal vera med på å laga liv i bygda, det er jo ikkje så mykje så skjer for tida, seier angrepsspelar Handeland, som håpar at dei som kjem får sjå festfotball.

Ein ivrig fotballentusiast vil laga til ein enkel kiosk på heimekampane.

– Eg har lyst til å laga stemning rundt A-laget. Me treng det no etter desse tidene, seier Rune Thorsen. Han vil prøva seg litt fram med kiosken, og sjå an både vêr og publikum, men ser føre seg å tilby kaffi, brus og is – og kanskje grillmat.

– Dei som er interesserte i fotball bør komma for å sjå på fotballen i Sveio, oppmodar den muntre sveibuen, som sjølv ser fram til å følgja kampane.

Powered by Labrador CMS