sport
Ingrid (19) frå Sveio tok NM-sølv
Ingrid Kindlihagen er framleis junior, men stilte i seniorklassen og tok ein sterk sølvmedalje etter å ha kjempa om gullmedaljen til siste sekund.
Ingrid Kindlihagen har klatra sidan ho kunne gå. I helga sikra ho seg sølvmedaljen i seniorklassen i buldring i Trondheim.
– Eg hadde som mål å vinna, men eigentleg er eg veldig nøgd over å ha vunne NM-sølvet også, fortel sveiojenta. Ho har vakse opp med klatring, då begge foreldra hennar driv med sporten.
Stor deltaking frå Haugalandet
Haugaland Klatrelag (HKL) stilte med ein rekordstor tropp på sju utøvarar i årets NM i buldring.
I gutar junior tok tysværbuen Ørjan Rødland Vaage ein solid NM-sølvmedalje. Både Ingrid og Ørjan reiser neste veke til Junior VM i Voronezh i Russland og utgjer heile den norske troppen saman med lagleiar frå HKL. Dei er også tekne ut til Senior VM i Moskva seinare i september.
Fleire andre gjorde det også bra. Camilla Sørbotten Marcussen kvalifiserte seg til finale i klassen jenter Youth A, der ho tok ein sterk 6. plass. I jenter Youth B kom Anna Vivelid på en fin 9. plass, medan Hannah Haftorsen Skjold klatra til ein bra 14. plass i Jenter Youth A. I Herrar Senior fekk HKL 10. og 25. plass ved Ola Sønderål og Gunnar Josef Risanger Stampfl.
Siktar høgt
Ingrid Kindlihagen fekk tidlegare i år tildelt Sveio kommune sitt kulturstipend. Ho ønskjer å satsa 100 prosent på klatringa for å sjå kor langt det er mogleg å nå i klatring som konkurranseidrett. Målet er blant anna å bli noregsmeister i seniorklassen og å etablera seg blant dei beste i World Cup og klatrefinalar i internasjonale konkurransar og meisterskap.
Då Vestavind tok kontakt måndag morgon var sølvvinnaren frå Sveio oppteken med å ordna med visum til Russland.