nyhende
Laderapport etterlyser støtteordning til kommunar
I NAF sin laderapport for 2021 blir det slått fast at det er for få, og for svake hurtigladarar i landet. Det vil årleg vera behov for rundt 500 hurtig- og lynladarar årleg for elbilparken, utanom Tesla.
På strekninga Stavanger-Bergen er det frå 2021-2030 behov for nær 24 nye ladarar årleg i snitt – berre i Vestland fylke, i følgje NAF-rapporten. Behovet for Tesla-ladarar er så og seia like stort.
NAF meiner at distrikta treng merksemd dersom målet om at alle nye bilar skal vera nullutsleppsbilar. Ein del av grunnen er at det må etablerast eit ladenettverk som dekker distrikta godt.
– Enova har i dag ei støtteordning for utbygging på større vegstrekningar i distrikta. Denne ordninga burde vore supplert med ei ordning som stimulerer enkeltkommunar utan hurtigladeinfrastruktur til å byggja ut, noko NAF har spelt inn som eit forslag til Stortinget si behandling av regjeringa sin klimaplan, står det i rapporten.