nyhende

Ida Lien Jensen skal begynna i 1. klasse denne veka.
Ida Lien Jensen skal begynna i 1. klasse denne veka.

Søskenbarnet har førebudd Ida (6) på skulelivet

Ida Lien Jensen startar i 1. klasse på Auklandshamn skule denne veka. Det blir uvant for 6-åringen frå Vestvik, men heldigvis kjenner ho nesten alle som skal begynna i same klasse.

Publisert Sist oppdatert

Sommarferien er snart over for Ida Lien Jensen. Ho har hatt sin siste dag i barnehagen på Bua, og alt ligg til rette for at eldstejenta i huset skal begynna på skulen. Ein lilla ransel med einhjørning og refleks er i hus, likeeins eit turkis pennal med same motiv.

Ida har også ein pakke med visk i sekken med ulike motiv, to og to like. Seksåringen tel heilt til 36, for så mange visk er det i ein slik pakke.

Fem elevar

– Kjenner du nokon du skal begynna i klasse med?

– Leah, Sarah, Vilhelm og ei jente eg ikkje veit kven er. Me blir fem, fortel Ida.

Klasserommet på den raudmåla skulen har ho fått sjå, det same med læraren, ei dame.

– Kjem du til å sakna barnehagen?

– Ja, og mamma. Og pappa, seier Ida, som er van med å ha mamma i nærleiken kvar dag, sidan ho jobbar i barnehagen. No blir det litt annleis, men heldigvis har ho fleire på skulen som ho kjenner og kan vera med.

Horn med ost og skinke

Niste må ein ha med, og då aller helst mamma sine horn med ost og skinke på. Og sjølv om godteri er godt, kan ein ikkje ha det med i matboksen.

– Sånn er det i bakvendtland, smiler Ida.

Ho har fleire matboksar frå før, men pappa innrømmer å ha lånt dei ein del på jobb.

– Han bruker av og til Elsa-matboksen min, smiler Ida, og ser på pappaen.

Ho kan litt frå alfabetet, men håpar å læra heile når ho startar på skulen, frå A til Å. Sjølv om skulen blir noko heilt nytt for den vesle jenta, veit ho litt om korleis det kan vera, for ho har eit eldre søskenbarn som går på skulen:

Skule på liksom

– Eg har leika skule med Madeleine og Sarah hos mormor. Madeleine er lærar, meg, Sarah og av og til Mari er elevar. Me lærer det ho lærer på skulen, fortel Ida, som har ei yngre søster som heiter Mari.

Mykje leik og litt lekser blir det nok hos mormor framover, for her skal Ida vera når skulen er slutt og fram til mamma eller pappa kjem heim frå jobb.

I sommar har ho bada masse i bassenget på terrassen. Ho har også vore på campingtur i Hervik, der dei prøvde å sova i telt for første gong.

– Pappa fekk ikkje plass til beina sine, smiler Ida, som ellers har vore i Ålesund og Atlanterhavsparken. Og ho har nettopp lært seg å fingerhekla.

Powered by Labrador CMS