nyhende

Nytt tilbod til vaksne og eldre:

tatsiana kozel
I Vigdartun er eit heilt nytt danserom klar for å fyllast med deltakarar, både til Sveio kulturskule og Tatsiana Kozel sine kurs.

Vil visa sveibuen inn i danseverda

Tatsiana Kozel startar denne hausten opp med eit heilt nytt tilbod for vaksne og pensjonistar som det truleg ikkje finst ikkje maken til på Vestlandet. Ho lovar at det blir trening, meistring og sosialt. – Alle blir glade av å dansa. Ein må berre finna rette energien, seier ho.

Publisert Sist oppdatert

Bodyballett blir kroppsballett på norsk, det er namnet på tilbodet som startar opp i det nye danserommet på Vigdartun. Det er ein ny fitnesstil her i området, basert på ein kombinasjon av ballettøvingar, funksjonelle øvingar innan styrketrening og yoga.

– Det er skånsom, men effektiv trening, seier Tatsiana Kozel. For nokon vil ho vera kjend som danselærar i Sveio kulturskule og Kick dansestudio. I tillegg til dette, har ho starta opp eit føretak der ho tilbyr timar innan dans og kroppsøving.

Trening

Ballett kan høyrast ut som ein skremmande aktivitet å starta med i vaksen alder, men bodyballet er ikkje synonymt med tettsitjande antrekk og luftige svev frå tåspiss til tåspiss. Målet er heller ikkje å framføra noko på ei scene, men å trena kroppen, med øvingar henta frå ballett.

Damer og menn frå 18 år er velkomne til å bli med, og for pensjonistar vil det bli ei eiga økt på dagtid. Første dag blir 31. august, og dei som vil vera med, kan ta kontakt med Kozel.

– Ein treng ikkje bakgrunn, verken i ballett eller dans. Det einaste som krevjast, er at du kan halda deg fast i barren og ha eit ope sinn. Resten gjer eg, seier Kozel, som er utdanna dansar og dansepedagog frå Minsk State College of Art. Ho har spesialisert seg i klassisk ballet og folkedans.

Tre til no

Bodyballett-tilbodet blei lansert på Facebook-gruppa Ka skjer i Sveio for nokre dagar sidan, og har alt fått tre påmeldingar, av dei éin til pensjonistgruppa. Ho håpar at fleire vil ta steget og melda seg på. Gruppene vil vera på maks ti personar.

– Det vil bli god trening for heile kroppen, og til slutt vil folk bli overraska over seg sjølve og eigen kropp. Ein vil bli sterkare, få meir kondisjon, koordinasjon og læra å kroppen å følgja etter musikk. Det vil og vera fokus på tøying, det er kjempeviktig for heile kroppen, smiler 25-åringen, som snakkar både norsk og engelsk i tillegg til morsmålet.

Kozel har jobba med alle aldersgrupper, frå tre til 84 år.

– Ho eldste eg hadde heime i Kviterussland hoppa og dansa og sa «det er eg som bestemmer over kroppen min, ikkje kroppen min som bestemmer over meg», gjengir Kozel som eit døme på at alder ikkje treng vera noko hindring.

Miljø

25-åringen bur på Ekrene i lag med kjærasten sin, og vil gjerne byggja opp eit miljø for dans i Sveio.

– Det er veldig sosialt, og ein blir glad av å dansa – ein har ikkje noko val, smiler Kozel, som også er utdanna artist. Ho forstår at nokon synest dette kan høyrast litt risikabelt ut med bodyballett, men ho lovar at dei som blir med er i dei beste hender.

Rabatt for eldre

Tilbodet retta mot pensjonistar blir støtta med 100 kroner per deltakar i månaden. Det betyr at pensjonistar får fråtrekk på månadsprisen. Støtta er finansiert gjennom «Den kulturelle spaserstokken».

– Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing som har som mål å sørga for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre, forklarar Pål Jøsok, rektor i Sveio kulturskule.

I Vigdartun er det eit heilt nytt danserom med ballettbarre, som Tatsiana Kozel held i.Frå slutten av august vil ho tilby timar i bodyballett til vaksne både på dag- og kveldstid.
Powered by Labrador CMS