næringsliv

Odin Lid trur neppe han kjem til å invitera heile Sveio på fruktpressedagar på Oa denne hausten – all den tid prosjektet er så ferskt. Derimot er dette planen for åra som kjem. Då er tanken at folk også kan ta med seg eiga frukt til pressing.
Odin Lid trur neppe han kjem til å invitera heile Sveio på fruktpressedagar på Oa denne hausten – all den tid prosjektet er så ferskt. Derimot er dette planen for åra som kjem. Då er tanken at folk også kan ta med seg eiga frukt til pressing.

Frå byråkrat i Oslo til sider-bonde på Oa

Lid Lesk og Landbruk er eit nytt føretak på Oa som no søkjer om utvida løyve til gardsutsal av eigenproduserte, alkoholhaldige drikkevarer.

Publisert Sist oppdatert

Fakta

Før ein kan starta å tilverka alkohol for sal i Noreg, lyt ein ha løyve – anten i form av tilverkingsløyve frå Staten, eller såkalla «utvida salsløyve» frå kommunen. For å få slikt løyve for drikke i gruppe 1 – altså opp til 4,7 % alkohol – må «tilvirkningen skje ved salgsstedet, og tilvirkningen og salget må utgjøre en del av stedets helhetlige karakter og salgstilbud».

Ein kan også få kommunalt løyve til produksjon og gardssalg av drikke i gruppe 2 – altså opp til 22 %. Då er det i tillegg eit krav om at minst ein tredjedel av «innsatsvarene» er dyrka fram på garden.

Bak det nye føretaket står Odin Lid (33) som i fjor kjøpte heimegarden på Oa, der han er fødd og oppvaksen. Dei siste 15 år har foreldra hans, Oddmund og Sofie Karin Lid, produsert bringebær og juletre for direktesal, ein tradisjon sonen ønskjer å vidareføra.

I tillegg har han interesse for siderlegging/-brygging, og har fått støtte av Innovasjon Norge (IN) til å planta eple med tanke på gardsutsal av eplesider. Han har nå klargjort for planting av over 600 epletre denne hausten.

– Prosjektet er ennå på eit relativt tidleg stadium, mykje er avhengig av om Sveio kommune tykkjer dette er ein god idé – noko eg først får svar på etter kommunestyremøtet 20. september, fortel 33-åringen.

Alt som 15-åring flytta Odin Lid heimefrå for å gå på skule. Etter mange år i utlandet, har han no spenstige planar for korleis han skal utvikla gardsdrifta heime på Oa.

Bereist

15 år gamal flytta flytta oabuen til Kongsvinger for å gå på vidaregåande skule, og etter det studerte han russisk og juss. Deretter fekk han seg jobb på ambassaden i Moskva, og har vore til og frå utanlandsstillingar sidan.

– Dei siste åra har eg jobba på ambassaden i Egypt, men no skal eg vera heime i Noreg og veksla mellom det å vera byråkrat i Oslo og sider-bonde på garden, opplyser Lid.

Han ønskjer alt i haust å starta produksjon av drikke. Det vil då vera snakk om alkoholsvak eplesider med og utan bringebær, samt såkalla «spruce» som er ei alkoholhaldig drikke framstilt av nye grantre-skot på våren.

Spenstige framtidsvyer

Lid har alt investert i profesjonelt utstyr for å pressa eple og anna frukt, samt pasteurisera og eventuelt karbonisera fruktjus. Planen på sikt er å arrangera fruktpressedagar på Oa om hausten der familiar/kundar kan vera med på hausting og siderlegging, eller ta med frukt som dei kan vera med på å få pressa til jus.

I framtida har han også ambisjonar om å arrangera ein minifestival med utgangspunkt i garden og Oa ungdomshus som ligg like ved.

Ifølgje Lid har han klargjort ein del på garden, mellom anna bygd presse og sett opp strengesystem for epletrea. Han ventar med planting til november, men har bestilt eit tonn med eple til slutten av september, for å kunne starta med prøveproduksjon av sider allereie i år.

– Eg har også ein plan om å produsera julebrus av årets press-bringebær, men også der må me testa oss fram til ei oppskrift. Så får me sjå kor mykje bær som er att når oppskrifta er klar, ler den initiativrike gardseigaren.

– Bærhenting var ikkje mi greie

I oppveksten likte han godt å hjelpa til på garden heime på Oa. Dei hadde lenge sauer og andre husdyr, men etter kvart gjekk foreldra hans over til primært å driva med produksjon av bær.

– Skal eg vera ærleg kunne eg styra mi begeistring for bærplukking, men juletresal derimot, har eg alltid likt veldig godt. Det er noko som eg vil halda fram med. Foreldra mine bur i det einaste huset på garden, og det håper eg dei skal fortsetta å gjera i mange år framover. Me samarbeider veldig godt, og dei gir meg fantastisk hjelp i det daglege – så prøver eg å samla større arbeidsoppgåver til dei periodane eg sjølv er på garden.

– Oa er heime

– Kva var det som gjorde at du ville overta?

– Det handlar først og fremst om røter og tilknyting. Sidan eg flytta frå Oa, har eg aldri budd i same by meir enn tre år i strekk, og det er difor berre i Sveio og på garden eg verkeleg kjenner meg heime. I tillegg trur eg det er veldig sunt å ha nokre prosjekt som handlar om å skapa, og der ein ser konkrete resultat frå arbeidsdagen når ein gir seg om kvelden, spesielt når ein elles har ein kvardag som handlar om epost, møter, og byråkrati, fastslår initativtakaren bak Lid Lesk og Landbruk.

Powered by Labrador CMS