nyhende
Einaste i Vestland med to dagsturhytter:
– Det vil bli eit samlingspunkt
Den nye dagsturhytta i Sveio golfpark kjem til å vera open for alle året rundt, og om alt går etter planen vil den står klar til bruk i slutten av oktober.
Sveio kommune snudde seg raskt rundt då det dukka opp ein moglegheit for å kjøpa enda ei dagsturhytte. Den har tatt plass i skogkanten, tilbaketrekt frå golfspelet og med utsyn til Hinderlid og grøne greenar.
Modulane er heist på plass på eit høgdepunkt med utsyn til hol 6 og 15 – inst på golfbana. Når ein går den lengste turløypa er det omtrent like langt å gå frå begge utgangspunkt ved parkeringsplassen.
Passa godt
Denne veka var Per Bjørn Habbestad, styreleiar i Sveio golfpark på ei lita synfaring i lag med ordførar Linn Therese Erve og rådgjevar Marit Persen Liknes i Sveio kommune.
Å få førespurnad frå kommunen om å setja opp ei dagsturhytte passa styreleiaren utmerka. Sveio golfpark har stilt tomt til rådvelde, utført grunnarbeid og påteke seg tilsynsansvar for hytta.
– Namnet Sveio golfpark tyder på at området skal vera ein park, og ei slik hytte har stått i strategiplanen vår lenge. Det vil bli eit samlingspunkt, der ein kan eta niste og drikka kaffi i løypa. Turløypa er utstyrt med lys, og blir brukt heile året. Dette blir eit flott tilbod i golfparken, seier prosjektleiar Habbestad.
Heilt lik
Hytta er heilt lik Nipaståvo, med peis, solceller og vedfyrt omn, men det er ikkje sanitæranlegg i tilknyting til hytta. Det blei ikkje sett på som nødvendig, sidan eit offentleg toalett nyleg er tatt i bruk på parkeringsplassen til golfanlegget.
– Nynorsk bibliotek har me fått lovnad om at det skal bli, seier Liknes, som meiner at dagsturhytta på golfparken vil bli eit veldig bra supplement til Nipaståvo.
Det var ordføraren som foreslo plasseringa på den nye hytta for kommunestyret, som gjekk inn for kjøp og plassering. Erve er begeistra for konseptet med dagsturhytter, og er veldig glad for at Nipaståvo har blitt så godt motteke. Ho trur at det også kan gjelda den nye hytta, som når ei anna brukargruppe. Det er tilkomst for barnevogner og rullestolbrukarar.
Universell utforming
– Den ligg nær sentrum og har universell utforming. Det vil bli eit flott tilskot til golfarar og turgåarar, seier Erve, som sørgjer for at Habbestad set ho på dugnadslista.
Det er Sveio golfpark som administrerer arbeid og dugnad. Folk er i gong med å strikka sitjeunderlag, men det trengst meir.
– Og raggsokkar. Er det golvkaldt er det godt å ta på sokkar, seier Liknes.
– Om nokon har lyst til å bidra, kan dei ta kontakt med meg, seier Habbestad, som til no har alliert seg med ei handfull eldsjeler som stiller opp i helgene som kjem. Forutan det mjuke handarbeidet, skal det heilt konkret lagast platting, leggjast grus og oljast treverk – mellom anna.
– Me treng også å få murt ein utegrill av noko slag, om nokon kan tenka seg å påta seg det arbeidet, seier Habbestad.
Finansiering
Investeringa er på rundt 1,3 millionar kroner, og er finansiert med lån, gåve frå Haugaland Kraft, BKK, tomt og dugnadsarbeid frå Sveio golfpark og lån. Spelemidlar og fråtrekk grunna meirverdi er også med i reknestykket. Vestland fylkeskommune er ikkje med på finansieringa denne runden.
Det er ingen andre kommunar i Vestland som har to dagsturhytter.
– Der er Sveio i ein klasse for seg der dei har funne midlar til to hytter. Så langt er det kome på plass 51 like dagsturhytter i Vestland, opplyser Atle Skrede, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune.