nyhende
Valresultatet for Sveio
Senterpartiet har klart fått fleire tilhengarar i Sveio sidan førre stortingsval. Ellers var det til dels jamt blant topp fire.
78 prosent av dei røysteføre har stemt i år – det er færre enn ved sist val stortingsval i 2017. 1913 nytta høvet til å stemma på førehand i år.
Samla sett har Høgre i Sveio fått flest stemmer (21,5 prosent), men er også partiet som går mest tilbake. FrP på andreplass har også tilbakegong sidan sist stortingsval, og enda opp med 19 prosent oppslutnad. Senterpartiet har klart størst framgang (+6,6 prosent) og kjem på ein tredjeplass. Arbeidarpartiet går tilbake 1,4 prosent, og fekk 17,4 prosent av stemmene frå sveibuen.
På femteplass er KrF med 6,3 prosent oppslutnad, SV er på sjetteplass med 4,4 prosent av stemmene, Raudt fekk 2,7 prosent medan Venstre og MDG fekk henhaldsvis 2,2 og 2,1 prosent oppslutnad.
På landsbasis