nyhende
Vil ønskja nye innbyggjarar hjarteleg velkomne
Fylkesordførar Marianne Chesak har ikkje noko i mot å få ein ny kommune inn i Rogaland.
Om Sveio bør vera ein del av Vestland eller Rogaland er venta å bli eit omdiskutert tema framover. Politikarane har nyleg vedteke at det skal bli folkerøysting, med offisiell valdag 10. januar 2022, det vil også bli lagt opp til førehandsrøysting. Innbyggjarar kan stemma på eitt av fylka frå året dei fyller 17 år, det vil seia 2005-modellar.
Hjarteleg velkomne
Korleis er stoda i Rogaland, ønskjer dei eigentleg ein ny kommune? Me tar ein telefon til Marianne Chesak (Ap), fylkesordførar i Rogaland. Gjennom saker til utredning om mogleg fylkesbyte har ho registrert at Sveio vurderer å søkja tilhøyrsle i deira fylke. Ho er også oppdatert på at politikarane har sagt ja til folkerøysting.
– Eg har stor respekt for lokalpolitiske prosessar. Eg har ikkje uttalt meg tidlegare, men sidan det no er bestemt at det skal vera folkerøysting, er mi haldning at Sveio er hjarteleg velkomne om dei landar på at dei ønskjer å gå over til Rogaland, seier Chesak.
Fred og ro
Ho er klar på at Sveio må ha prosessen sin i fred og ro, utan påverknad frå Rogaland fylkeskommune.
– Det må ikkje bli rift om kommunar som ligg i grenseland. Det trur eg ingen er tent med. Sveio må få finna ut kva som er hensiktsmessig for dei, seier Chesak.
Om utfallet blir at dei vil søkja seg over til Rogaland, er ho open for ein prat.
– Kva trur du kan bli betre for Sveio i Rogaland?
– Det er det nære samarbeid med Haugalandet som er viktig for dei, men Sveio vil vera ein utkant i Rogaland òg, seier fylkesordføraren, som elles ikkje ønskjer å utdjupa svaret.
– Eg har ikkje lyst til å påverka noko, seier ho.
Fire distrikt
Rogaland fylke består av 23 kommunar og fire distrikt. Folketalet er 482 000 (2020). Jæren, Ryfylke, Haugalandet og Dalane. Administrasjonssenteret er i Stavanger, men det er også avdelingar i Egersund og Haugesund. I Haraldsgata i Haugesund er det nyleg reist eit nytt fylkeshus, med møterom og kontor.