nyhende
Har eit brennande ønskje om at Sveio skal bli i Vestland
Ein av kommunane hans ser til Rogaland. Jon Askeland (Sp) ønskjer at Sveio blir i Vestland, men stiller med opne armar og sinn dersom kommunen treng bistand i prosessen.
Då me pratar med fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, er han i bilen, på veg frå møte til møte. Han har lagt tilbake to dagar på Voss i møte med dei 17 representantane i fylkesutvalet for Vestland, tilsvarande formannskapet i ein kommune. No er han på veg til Sogndal for eit nytt møte. For første gong på halvtanna år med mange møte på skjerm, tilseier smittevernreglane fysiske møte.
Medspelar
– Eg fartar rundt og møter mange flinke og kjekke folk, det er utruleg kjekt. Det er òg fylkeskommunen si rolle, me er ein medspelar for kommunane, som skal hjelpa til med å bygga gode lokalsamfunn. Ei oppgåve Vestland tar på alvor, seier Askeland.
Han har visst om at ein av dei 43 kommunane i fylket vil sjå på moglegheita for å skifta tilhøyrsle i over eitt år. Han skildrar dialogen med ordføraren i Sveio som god.
Kommunemøte
I midten av august 2020, rundt to månadar etter at politikarane hadde bestilt ei sak som sa at Sveio vil sjå på moglegheita for kva fylke som er det mest tenlege å høyra til i for framtida, hadde fylkesordførar Askeland, fylkesvaraordførar Natalia A. Golis (MDG), ordførar Linn Therese Erve (Ap) og varaordførar Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP) eit møte på Ryvarden.
Bakgrunnen er at Vestland fylkeskommune som medspelar ønskjer å treffa enkeltkommunane for å få vita kva som er viktig i deira relasjonen til fylkeskommunen. Dette var eit slikt høve, med fleire punkt på møteblokka.
Etter det fylkesordføraren oppfattar, er fylkestilhøyrsle eit tilbakevendande tema blant politikarane i Sveio.
Sterkare saman
– Det var nyttig for oss å få ein innleiande diskusjon. Eg forstår fullt ut at det er forskjellige syn, og det kan vera greitt å landa diskusjonen. Eg opplevde møtet som at Sveio måtte ta denne prosessen no, då det ligg som ei slags uro i kommunestyret, og at dei no ønskjer å få slutt på denne debatten som forstyrrar, seier Askeland, som har forståing for at Sveio gjer vurderinga av fylkestilhøyrigheit.
– Blir det konsekvensar for Vestland om Sveio går ut?
– Det blir det jo. Me ønskjer å ha alle med oss i fortsettinga, me er sterkare saman enn om nokon går ut. Sveio er ein like viktig kommune for oss som alle andre. Eg håpar at me har oppført oss godt – ordføraren har i alle fall gitt uttrykk for tilfredsheit, seier Askeland, og legg til at Vestland oppriktig ønskjer å behandla Sveio godt.
Lokaldemokratiet styrer
– Eg har eit brennande ønskje om at Sveio skal vera ein del av Vestland, men me forheld oss til prosessen og held den ryddig.
– Vestland er betre for bøndene samanlikna med Rogaland, blir det sagt. Stemmer det?
– Eg har høyrt det same sjølv, det spørst kva sone ein ligg i. Sunnhordland er i ei økonomisk meir fordelaktig sone enn Rogaland. For landbruket kan det vera ein fordel å tilhøyra Vestland, seier Askeland.
– Har Sveio si fylkestilhøyrsle vore eit tema blant politikarane på fylkestinget?
– Nei, ikkje anna enn at me er kjende med at dei gjer prosessen. Det er lokaldemokratiet som styrer.
Vegsak skapte splid
Askeland trekk fram ei konkret sak som skapte eit visst misnøye i mai 2020. Då skulle fylkeskommunen prioritera sine samferdsleprosjekt i Nasjonal transportplan, var det ei forventing for mange kommunar, også Sveio, at Hordfast skulle vera på topp.
– Det var ein viss dramaturgi i oppspelet til fylkeskommunen sitt innspel til NTP i fjor. Det var ein veldig drakamp, der Sunnhordland samla seg og gav særs tydelege meldingar, seier Askeland, som konkluderer med at Sunnhordland lukkast, og fylket fann saman.
Det enda med at Vestland fylke greidde å prioritera både Hordfast og K5 – det andre viktige vegprosjektet i fylket.
– Det er resultatet som tel, og me fekk full uttelling for Hordfast. Me fann kvarandre i prosessen, oppsummerer Askeland.
Relevante spørsmål
Fylkesordføraren frå Radøy, nordvest for Bergen, har eitt råd til kommunestyret i Sveio før dei spør folket om råd.
– Det må få fram dei aktuelle spørsmåla, og det er mange måtar å spørja på. Det er mange argument i oppskrifta, seier Askeland.
Sjølv er han opptatt av å sjå over fylkesgrensene. Der ser han fleire regionar som grensar til kvarandre, og finn løysingar i lag. Bu- og arbeidsmarknad tar til dømes ikkje omsyn til strekane på kartet.
– Kva er best for Sunnhordland og Haugalandet som samla blokk? Det er også ein ingrediens. Det er mange spørsmål, som eg er sikker på at kommunestyret vil sjå nærare på, seier Askeland.