nyhende

Utviding i Mølstrevåg:

Arild Helland framfor eigedomen han og kona trudde skulle bli familien sitt paradis, men som dei no har selt til Ølen Betong Gruppen.ARKIVFOTO: KARI NILSDATTER HAUKÅS
Arild Helland framfor eigedomen han og kona trudde skulle bli familien sitt paradis, men som dei no har selt til Ølen Betong Gruppen.

Familie i knipe etter avslag

Ekteparet Arild Helland og Heidi Knutsen trudde dei hadde fått ein heim for resten av livet då dei i 2009 kjøpte prakteigedomen i Mølstrevåg. Nå er alt snudd på hovudet.

Publisert Sist oppdatert

Når Vestavind møter Arild Helland er han tydeleg prega av situasjonen som har lege som ei mare over familien i lang tid. Sveibuen fortel om fleire søvnlause netter etter at han fekk vita at Ølen Betong Gruppen AS hadde planar som direkte kom til å vedrøra eigedomen deira.

– Sveio kommune har sett oss i ei skikkeleg klemme, seier Helland.

Tett på

Sommaren 2020 fekk Ølen Betong Gruppen AS godkjent søknad om tiltak, seks bygningar blei rive, og eit større areal blei planert. For Helland/Knutsen som er næraste naboar, innebar dette at dei alt hadde tapt si sak sidan inngrepa ikkje kunne reverserast.

– Den før så gjæve plassen blei til slutt ei belasting for oss, snart handla det mest om å koma oss vekk snarast mogleg, medgir Helland.

Tiltakshavaren søkte seinare same år om dispensasjon frå kommunedelplanen, og dermed om å få riva dei tre siste bygningane på den gamle handelsplassen (gnr. 61 bnr. 1) i Mølstrevåg. Formålet var å utvida og utvikla næringsområdet og på sikt leggja opp til eit stort landbasert anlegg for akvakultur på land tett innpå familien Helland.

– Frå den tid byrja kona mi og eg å motivera oss mentalt på at me måtte flytta frå hus og heim. Borna våre på 11 og 9 år, prøvde me å skåna så lenge som mogleg, fortel Helland.

Mykje på spel

Ifølgje Helland står mykje på spel for dei som blir direkte ramma av ei eventuell utbygging, –  i hovudsak er det snakk om to eigedomar med to fastbuande familiar, i tillegg til ein fritidsbustad.

– Det som er mest frustrerande er usikkerheita for framtida, seier nordsjøarbeidaren som i delar av denne perioden har vore sjukemeld.

Våren 2021 skreiv ekteparet Helland/Knutsen kontrakt med Ølen Betong Gruppen AS om overtaking av eigedomen. Kontrakten blei underskriven under forutsetnad av at næringsaktøren som eit minimum fekk løyve av kommunen å riva den eine bygningen av dei tre det var søkt rivingsløyve for.

Heilomvending

I januar i fjor kjøpte Helland/Knutsen hustomt på Vikse, men då draumehuset dukka opp i sommar, også det på Vikse, slo dei til. Like etter skjedde det uforutsette ting som slo bein under planane, og familien sit nå med to hus og ei gedigen gjeld.

Behandling av næringsverksemda sin søknad om dispensasjon og løyve til utviding av næringsområde og riving av bygningar blei behandla i hovudutval teknisk næring sitt møte 30. august i år. Rådmannen sitt framlegg til vedtak, som gjekk ut på ikkje å gje løyve, blei vedteke med 4 mot 3 stemmer.

Klagebrev til kommunen

– Vedtaket var mildt sagt nedslåande for oss som måtte innfinna oss med administrasjonen sitt vedtak sommaren 2020, og no opplever at den politiske behandlinga av saka set oss i ein situasjon som gjer at me ikkje får innløyst eigedomen vår, fortvilar Helland.

Ekteparet Helland/Knutsen har nå sendt klagebrev til Sveio kommune over vedtaket som er gjort.

– Då administrasjonen i Sveio kommune godkjende planane om riving i fjor, var i realiteten området øydelagd. Hadde dei høyrt på oss naboane og alle klagene som kom frå vår advokat i fjor og stoppa det då, hadde det vore hatt ein reel moglegheit til redda kulturminnet. No er dette for seint, poengterer Helland og legg til:

– Den situasjonen me har hamna i no er det Sveio kommune som har skapa. Ølen Betong søkte om eit tiltak i fjor sommar, kommunen godkjende, og godtok rivinga av riving av seks mindre bygningar og planering av eit større areal på den gamle handelsplassen. Men no som området og heilheita på handelsplassen er rasert, kjem dei plutseleg på at dei skal ta vare på kulturminna.

Har sendt klage

– Har du håp om ei løysing?

– Først når Ølen Betong Gruppen AS får løyve til å riva det gamle sjøhuset kan me flytta. Eg håpar framleis at me skal koma oss ut av dette, få starta på nytt i fred og slutta å krangla. Samstundes håpar me at det hovudhuset og den gamle smia blir ståande, det vil så fall bety ein «buffer» for naboane våre, seier Helland.

Dagleg leiar i betong-verksemda har klaga til Sveio kommune.

– På vegne av Ølen Betong Gruppen AS har vår advokat sendt klage på vedtaket. Denne klaga saman med Arild Helland sin klage gjeld i prinsipp på det same vedtaket, opplyser Atle Berge til Vestavind.

Powered by Labrador CMS