nyhende
Ville innvilga delar av søknaden
Då hovudutval teknisk/næring behandla saka 30. august, la Mikal Møller Hovda (H) fram eit alternativt framlegg til vedtak, som ville gitt Ølen Betong løyve til å riva den eine bygningen som Arild Helland var avhengig av for å få løyst ut sin eigedom.
For å gi dispensasjon, må det vera fleire fordelar enn ulemper. Høgre-politikaren hadde i lag med representantane frå KrF og Senterpartiet funne fram ei rekke positive forhold med å innfri delar av søknaden til Ølen Betong Gruppen.
Arbeidsplassar
Eitt av argumenta som blei lagt fram i hovudutvalet, er at det trengst fleire arbeidsplassar til det største og mest aktive industriområdet i Sveio. I kommuneplanen er det lagt til rette for, og sett av meir areal til næring i nettopp Mølstrevåg.
Hovda viser til at fleire av bygningane er rivne frå før, seks av dei i 2020. Kulturmiljøet for Mølstrevåg som handelsstad er borte. På bygningane som står att, er det gjort endringar i både fasade og innredning, påpeiker Hovda.
Kjem opp att
Mikal Møller Hovda (H), Brit Oddrun Stuve (Sp) og Sondre Natås Strand (KrF) stemte for framlegget, men tre stemmer var ikkje nok for å nå gjennom.
Fleirtalet som gjekk for å avslag på søknaden som tilrådd av rådmannen, var det Håkon J. Skimmeland (Ap), Ole Johan Sveen (uavhengig), Anne Berit Stokka (FrP) og Belinda Teikari (FrP) som stod for.
Hovda er kjend med at vedtaket er anka av Ølen Betong Gruppen AS, og at saka vil koma opp til ny behandling i hovudutvalet, truleg i november.