nyhende

Gløtt frå haustmarknaden

Publisert Sist oppdatert

Tre timar denne laurdagen var det haustmarknad på Sveiotorget, med musikk, stands, sal av mat og litt moro for ungane. Trass skiftande vêr, er ordførar Linn Therese Erve nøgd med korleis marknaden har blitt motteke.

– Det har vore veldig vellukka. Det har vore masse folk, til tras for tidvis dårleg vêr. Eg vil takka alle som har stilt opp på dugnad og kome på marknaden, seier Erve, som også er takksam for dei lokale musikarane, som stilte opp utan å ta betalt denne dagen.

Ordførar Linn Therese Erve er med i TV-aksjonskomiteen. Det var mogleg å støtta aksjonen på marknaden.
Powered by Labrador CMS