nyhende

Bjørn Midteide i Lions Sveio.
Bjørn Midteide i Lions Sveio.

Inviterer til julebord på samfunnshuset i Førde

Publisert Sist oppdatert

Då landet blei fritt for koronarestriksjonar i helga fekk Lions Sveio fart på planane om å arrangera julebord. Band, tid og stad er settla, no manglar berre påmeldingane. Førde samfunnhus er eit stort lokale med rom for mange.

– Alle er velkomne, seier Bjørn Midteide frå styret i den lokale Lions-klubben, som tipsar om at store grupper også kan melda seg på, slik som bedrifter.

Dagen er laurdag 27. november, og det er lova underhaldning og julemat. Tre-mannsbandet «Up n go» vil sørgja for god stemning til dansbar musikk.

Powered by Labrador CMS