nyhende
Få kan måla seg med denne eliteoksen
12172 Dynjo er venta å bli attraktiv, då han har ekstremt bra eksteriør og gen som tilseier gode mjølkeeigenskapar. Stolte oppdrettarar i Sveio gler seg over å ha levert ein okse med ein av dei høgaste avlsverdiane i Geno nokon gong.
Ein ny Geno-katalog kjem snart i postkassen til norske bønder. Her kan dei velja kva oksar som skal få befrukta kviger og kyr, kvalitetane som er målte er mellom anna mjølk, jur, bein og klauver, lynne og kjøt.
I katalogen, som ein i mellomtida kan sjå på nett, har 12172 Dynjo selskap av 24 andre oksar, der avlsverdien går frå 26 til Dynjo sin sterke verdi på heile 46. Den nest høgast rangerte oksen har 38 i verdi.
Unntaket i februar
Det er Anne Bakke Handeland og Frode Handeland som er oppdrettarar av oksen, som er ein av mellom 40 og 50 stutkalvar som blei fødd på garden i fjor. Dei aller fleste kalvane får eit ordinært storfeliv i fjøset – stutkalvane blir som regel fôra opp og selde til slakt, medan kvigene kan inngå i mjølkeproduksjonen etter at dei har fått kalv.
I februardag i 2020 fødde Reidun ein tilsynelatande vanleg stutkalv som blei registrert inn i Kukontrollen som alle andre. Programmet mjølkeprodusentane bruker er nyttig for å samla data om dyra sine, mellom anna gir det data til avlsarbeidet på storfe.
Gen og slekt
Kukontrollen er også nyttig for Geno, som ser på informasjonen som blir lagt inn, og fatta interesse for avkommet. Neste steg var å ta ein DNA-prøve frå øyra til kalven, som avdekka viktig slektskapsinformasjon.
– Me har tatt mange prøvar av stutkalvar før, dette er første gongen ein blir seld til Geno. Eg visste ikkje at denne skulle vera så bra. Dette var første kalven til mora, som er ei høg og staseleg ku, seier Anne Bakke Handeland, som synest det er kjekt at kalven slo til.
Oksestasjonen
Kalven fekk sine første 3-4 månadar på Dynjogarden før den la ut på reis. Første stopp var Geno sin kalvefjøs på Øyer, der den blei den tatt ut til å vera eliteokse. Siste stopp var oksestasjonen på Hamar, der han blei tappa. Og dessverre, måtte livet også enda her, etter at nær 10 000 dosar var tappa.
– Han fekk ein skade som gjorde at han måtte avlivast, seier Bakke Handeland. For oppdrettarane var det ikkje noko tap i seg sjølv då dei hadde fått oppgjer etter salet, men dei veit at planen til Geno var å dra enda meir nytte av eliteoksen ved å kjønnseparera hoceller, slik at bonden kort fortalt kan kjøpa sperm som vil gi kvige-kalvar.
No blei det ikkje slik, men det er venta at det vil koma mange gode produksjonsdyr etter han.
Gode verdiar
Det er rundt 50 nye eliteoksar i Geno kvart år, i år har ingen til no vore i nærleiken så god som denne.
– Dette er ein av oksane med aller høgast avlsverdi me har hatt. Avkom kjem med stort sannsyn til å gi mykje mjølk i tanken, seier Hans Storlien, avdelingsleiar for kunde og medlemstjenester i Geno SA.
For ein mjølkeprodusent er det sjølvsagt mjølkekvalitetar som veg høgast når ein skal velja far til kommande kalvar, og det er venta at Dynjo sine avkom skal ha gode kvalitetar på det området.
Andre verdiar som speler inn, er til dømes at jura og beina er av god kvalitet.
Gode jur og bein
– Mange mjølkar i robot, då er det viktig at jur og spenar er fine, slik at roboten skjønar kor den skal setja spenekoppane. Gode bein er viktig i lausdrift, då dyra går mykje, forklarar Storlien. Andre set rask utmjølking og fruktbarheit høgt.
Geno driv avl på NRF som står for norsk rødt fe. 92-93 prosent av alle mjølkekyr her i landet er av denne rasen. Dynjo sine nær 10 000 dosar kan potensielt gi like mange avkom, men det er i teorien. Gen blir også selde til utlandet, men Dynjo vil berre komma norske mjølkebønder til gode.
– Dynjo har produsert så få dosar at den ikkje vil bli brukt internasjonalt, seier Storlien, og viser til det relativt korte livet til oksen.