nyhende

Ole Jakob Vikse Bjelland og Øyvind Vikse Bjelland er klar for finalen i LEGO Matsers på TV2.FOTO: TV2
Ole Jakob Vikse Bjelland og Øyvind Vikse Bjelland er klar for finalen i LEGO Matsers på TV2.

Øyvind og Ole Jakob (21) skal konkurrera med legoklossar

Øyvind og Ole Jakob Vikse Bjelland er ikkje dei som likar å stikka seg fram. Når det gjeld Lego gjer dei eit unntak, for no blir dei ein del av fredagsunderhaldninga på TV2.

Publisert Sist oppdatert

TV-kanalen lovar at det blir lidenskap, idrett på høgt nivå, sterke kjensler og magi når 16 deltakarar skal konkurrera om den gjeve tittelen som den første Lego Masters i Noreg.

Fredag 15. oktober er det premiere på TV2, Erik Solbakken er programleiar. Det vil vera ti episodar med varierte oppgåver: Kven kan bygga ei bru som tåler eit halv tonn? Kven bygger det høgaste tårnet, den finaste leilegheita eller den raskaste bilen?

Del av livet

Eitt av åtte deltakarpar er brørne Ole Jakob og Øyvind, begge med etternamn Vikse Bjelland, oppvaksen og busett på Vikse sør i Sveio. Dei er ikkje berre einegga tvillingar, men dei har også ei trillingsøster.

Lego har alltid vore ein stor del av livet til dei tre som bur under same tak på Vikse, men brødrene har aldri gitt slepp på interessa for å klikka saman ulike delar til kreative byggverk. Dei fleste setta dei fekk som smågutar er demonterte og ombygde til andre ting for lengst. No tar dei meir vare på det dei bygger, og det pregar leilegheita.

Gode minne

– Me har ein del store sett. Me har prøvd å skapa ein fin balanse, og ikkje okkupert heile huset, Legoen har fått ein sentral plass, på ein ryddig og fin måte, forsikrar Øyvind. Som barn brukte han mykje tid på å bygga, både aleine og saman med venner.

Øyvind og Ole Jakob Vikse Bjelland har sett starten av første episode. – Det er rart å sjå og høyra seg sjølv på TV, seier dei to, som vil sjå programmet med familie og venner.

– Når eg bygger i dag, mimrar eg ofte tilbake til denne tida. Nostalgien er heilt klart ein stor faktor når det gjeld kvifor Lego enda har ein stor betydning for meg, seier han.

Ole Jakob fekk interessa då han var liten. Meistringskjensla og samarbeid stod sterkt.

Logisk og kreativ

– Gjennom tid har Lego alltid vore ein form for terapi. Eg har primært brukt Lego til å visualisera idear som utfordrar mine kreative eigenskaper, seier 21-åringen.

Brørne skildrar seg som like på utsida, men svært forskjellige på innsida. Øyvind er den som ofte blir betrakta som den «logiske» personen, medan Ole Jakob blir sett på som den kreative.

– Som oftast bruker Øyvind meir tid på konstruksjon, funksjonalitet og logiske løysingar når me bygger Lego. Eg bruker meir tid på det visuelle, framstillingar av scenar og fargekontrastar. Dette er ein perfekt kombinasjon for å bygga kreasjonar som skal fungera bra, men på same tid sjå bra ut, seier Ole Jakob.

Søkte for begge

21-åringane har nyleg tatt fagbrev som elektrikarar, og held no på med påbygg for å klargjera seg til vidare utdanning. Innimellom studier, musikk og trening blir det tid til Legobygging. Ikkje kvar dag, men i periodar. Når dei ikkje følgjer bruksanvisningar, går det mykje i bygg med mekanismar. Mest kos, og lite alvor, altså, fram til ein dag Ole Jakob scrolla på telefonen, og det dukka opp reklame for «LEGO Masters». Dei søkte deltakarar.

– Eg tenkte at me ikkje har funne på så mange sprell i det siste. Utan å seia noko til Øyvind, laga eg ein søknad for begge to, for eg visste han berre ville sagt nei, ler Ole Jakob.

Tilbakemeldinga kom dagen etterpå. Etter litt overtaling gjekk broren med på det digitale intervjuet.

Var i tvil

Neste steg i prosessen kom like etter.

– Eg klarte også å få han med på audition i Oslo, det gjekk litt lettare, me bestemte oss for å gjera så godt me kunne, fortel Ole Jakob.

Då tilbakemeldinga frå TV2 endeleg kom, hadde brørne eigentleg lagt det heile vekk, derfor kom det litt brått på at dei var med. Då dukka angeren opp for Øyvind, for kva var det han hadde begitt seg ut på?

– Eg skal ikkje legga skjul på at det er langt utanfor vår komfortsone. Me er meir introverte, og mange såg ikkje dette komma. Me beit tennene saman blei med, seier Ole Jakob.

Det høyrer med til historia at Øyvind ikkje signerte kontrakten før første innspelingsdagen, då dei gjekk inn dørane i Oslo tidlegare i år.

Gode relasjonar

I programmet vil det bli gitt oppgåver, då gjeld det om å ha fantasi, teknikk, utsjånad og byggefart.

– Har de konkurranseinstinkt?

– Ja, kjem det kontakt frå Ole Jakob. Då han melde seg og broren på, visste han ingenting om sjølve produksjonen eller programmet, det var kun interessa for Lego som rådde.

– Første innspelingsdag fekk me vita at premien var på 500 000 kroner. Då kjende eg at konkurranseinstinktet kicka inn, smiler Ole Jakob.

Som tvillingar har dei vore nær kvarandre heile livet, men TV-produksjonen har gjort at dei to har kome enda tettare på, og lært meir av kvarandre. Deltakarane kan naturleg nok ikkje seia noko om kor mange episodar dei er med i. Dei er uansett glade for at dei har funne seg gode relasjonar i Lego-miljøet.

– Me har kontakt med dei andre deltakarane på ei Facebook-gruppe, seier Ole Jakob. Begge to håpar at mange vil sjå på programmet, og at fleire fattar interesse for hobbyen dei sjølv har mykje glede av.

Powered by Labrador CMS