nyhende
Fleire smittetilfelle dei siste vekene – pandemien er langt frå over:
No kan du henta heimetest ved behov
Medan me prøver å leva normalt, er koronaviruset framleis aktuelt. Ringer du koronatelefonen no, får du beskjed om at du kan henta deg ein gratis koronatest i Aksdal om du har behov for å testa deg.
Koronaviruset pregar ikkje kvardagen vår i like stor grad som før, men det er på ingen måte vekke. No er det sjølvtesting som gjeld, det gir ei rask avklaring på om ein har korona eller ikkje.
Testprosessen er raskt overstått. Ein treng ikkje timeavtale med dei kvitkledde prøvetakarane i Aksdal – i staden kan ein etter avtale henta seg ein gratis test som som kan utførast heime i.ro og mak. 15-20 minutt seinare får ein resultatet.
– Kjem de til å dela ut testar i Sveio, slik at me slepp turen til Aksdal?
– Me har diskutert det, men me har funne ut at slik det er no, er det mest hensiktsmessig å ha testane i Tysvær, sidan dei har oppdatert informasjon om smitteverntiltaka og testing, seier Ingunn Toft, kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio kommune. Ho utelukkar ikkje at det i framtida kan bli ei moglegheit.
Kjøpetestar
Dersom det skal delast ut testar i Sveio, må det også vera personale tilstades for å svara på spørsmål frå dei som hentar seg test, og Sveio kommune sine ressursar på dette feltet er å treffa på testsenteret i Aksdal.
Eit anna alternativ er å kjøpa testar sjølve.
– Ein del velger å gå på apoteket for å kjøpa ein test og ha heime. Testsenteret er ikkje ope til ei kvar tid, og ikkje i helgane. Det er eit godt alternativ å ha ein test heime, seier Toft.
Sjølvtestane skal vera nøyaktige, men det kan også vera at ein på testtidspunktet ikkje har nok virus til at det slår ut på testen.
– Dersom symptom vedvarer, spesielt ved tap av smak- og luktesans, bør ein testa seg på ny, seier Toft, og legg til at dei som er definerte som nærkontaktar til ein smitta, har eit anna testregime.
Ikkje ferdige
Det har vore stilt på koronafronten i Sveio og på Haugalandet den siste tida, men det har vore lokale smittetilfelle, også i Sveio.
– Dei siste vekene har me hatt tett opp under ti smitta. Det har vore haustferie, derfor har det ikkje ramma verken skule eller drift nemneverdig, seier Toft.
Dei fleste som har vore smitta, er elevar på ein barneskule i kommunen.
– Me har ingen nye smitta dei siste dagane, men på landsbasis er det 700 i dag – det er aukande smitte rundt oss. Det er også ein del i regionen. Me er absolutt ikkje ferdig med pandemien, fastslår Toft.
Sterkt apparat
Enda er torsdagen fast vaksinedag på Soknehuset i Sveio sentrum. No om dagen er det 3. dose som blir gitt til dei som får immundempande medisinar. Dei over 65 år får òg tilbod om 3. vaksine 6 månadar etter andre dose.
– Me vil halda på til langt utpå nyåret med dei over 65 år, og gjerne heilt fram til sommaren, seier Toft.
Støtt kjem det nye retningslinjer frå myndigheitene som må følgjast. Dei kjem gjerne seint, og trer i kraft fort. Då gjeld det om å snu seg rundt, og gjera så godt ein kan.
– Opptar korona mykje av kvardagen din enda?
– Ja, men i mindre grad enn før. Eg og helsesjefen og har framleis hand om om organiseringa, men me har eit sterkt apparat, forsikrar Toft.