nyhende
Sveio-artist ute med ny låt
Andreas Carlos Furdal med artistnamn Caliow lanserte fredag ein ny song med namnet «Cuckoo Bird».
Vegen blir til mens ein går. Etter ein del jobbing det siste året, meiner Andreas Carlos Furdal at han har funne ein musikkstil som han vil halda på. Rytmane på eigenprodusert musikk er litt tropeaktige, og kan minna om sommar.
Fengjande
– Den er rett og slett idiotisk fengjande, men også ei viktig låt for Caliow, som no tar steget vidare. Her har han funne sin musikkfamilie med artistar, produsentar og låtskrivarar, står det i ei pressemelding frå Hovedstaden Music.
Når lata blei lansert midnatt natt til fredag, var artisten sjølv heime i Sveio. Det er her basen hans er no, etter ein periode på Frakkagjerd.
Samarbeid i Oslo
Då Vestavind slår av ein prat med Furdal, kan han fortelja at «Cuckoo Bird» for nokre timar sidan hadde blitt plukka opp av musikkstraumetenesta Spotify, som hadde plassert den i ei speleliste, der alle dei beste nyutgitte låtane er samla. Det gler han seg over.
– Det er veldig kjekt, seier Furdal, som vil framheva samarbeidet med folka i musikkselskapet Hovedstaden Music han har blitt kjend med i det siste. No har han nokon å spela ball med, etter å ha vore mykje aleine i studio.
Positiv musikk
Furdal har ei tøff og sterk historie, men ønskjer å kanalisera denne gjennom positiv musikk som får han sjølv og lyttarane til å føla seg bra.
– Eg er veldig takksam for alle som høyrer på musikken, seier Furdal.
Musikkselskapet Hovedstaden Music trur låta vil gjera hausten litt varmare.
– At denne unge mannen har ein teft for melodiar og harmoniar er det ingen tvil om, fastslår plateselskapet.
Låta er mellom anna tilgjengeleg på Spotify.