nyhende
Desse vil bli barnehagestyrar i Sveio
Sju personar søkjer jobben som styrar i Sveio barnehage.
Bente Hugdahl Apeland har vore leiar i Sveio barnehage i 32 år. Når ho sluttar ved utgangen av november, og går over i ny jobb i Kvala barnehage, har Sveio kommune forhåpentlegvis funne hennar etterfølgjar.
Brei og ulik kompetanse
– Me har fått sju kvalifiserte søkjarar, ein mann og seks kvinner, alle med brei og ulik kompetanse til stillinga som styrar i Sveio barnehage. Det er både lokale søkjarar og søkjarar frå andre Haugalandskommunar, opplyser kommunalsjef Elisabeth Nygaard. Ho reknar med at tilsettinga skjer i løpet av komande veke.
Sveio barnehage er bygd i 1989, og har tre avdelingar med til saman 45 plassar for barn i alderen 0 – 6 år med avdeling Stjernene, Solå og Universet.