nyhende

Kva fylke Sveio høyrer til i betyr ikkje så mykje for Sverre Halleraker personleg, men han har ei klar meining med tanke på ungdomane i kommunen.
Kva fylke Sveio høyrer til i betyr ikkje så mykje for Sverre Halleraker personleg, men han har ei klar meining med tanke på ungdomane i kommunen.

Fryktar at tilbod om skuleplassar i Rogaland kan avviklast

Nær ni av ti ungdommar som bur i Sveio og er i vidaregåande utdanning, endar opp i nabofylket i sør. Sverre Halleraker er ikkje i tvil om at Rogaland er vegen å gå for Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Kvart år gjer ei gruppe 10. klassingar på Sveio skule eit val som er med på å forma framtida deira. Den er i stor grad relatert til Haugesund og Rogaland.

– Ordninga om å få lov til å gå på skule i Rogaland fungerer godt slik som den er go. Mi bekymring er kva som vil skje i framtida, seier Sverre Halleraker. Han har hatt Sveio skule som arbeidsplass dei siste 18 åra, der han jobbar på ungdomstrinnet innan undervisning, men også som yrkesrettleiar og sosialrådgjevar.

Opplyser om alle tilbod

Han veit at det er delte meiningar om kva fylke Sveio bør vera ein del av i framtida, også på Sveio skule. Han legg derfor vekt på at hans tankar ikkje representerer nokon andre enn han sjølv, men det er erfaringane frå Sveio skule som er grunnlag for meiningane.

Halleraker har rettleia mange kull til å velja studieprogram og skular, og det er ikkje tvil om at det er Rogaland som er førstevalet for majoriteten av elevane – også dei som bur nord i Sveio.

– Me informerer og rettleier, og foreslår tilbod som finst i Vestland og på Stord, men det er ytterst få som søkjer seg den vegen, seier Halleraker.

Reiser vekk

Fleire av dei som faktisk vel vidaregåande skule i Vestland tar ikkje bussen til dei nabokommunane i nord. Dei reiser vekk.

– Mange av dei går på spesielle tilbod i Knarvik og Fusa, seier Halleraker og nemner TAF, som gir yrkes- og studiekompetanse på same tid i eitt studieløp. VG2 anleggsteknikk på Os er også attraktivt.

I rapporten til Telemarksforsking, som tar føre seg fordelar og ulempar med begge fylka, står det at 13 prosent av elevane busett i Sveio går på vidaregåande skule i heimfylket.

Dobbelt opp

Rådgjevaren er glad med at elevane får velgja skule i Rogaland. Det fungerer, sjølv om det medfører ekstra arbeid for rådgjevarane på skulen. Dei må kjenna to fylke, to regelverk og rapporterer likeeins «dobbelt» og må ellers følgja med på det som skjer innan vidaregåande opplæring i to leirar.

Halleraker har ikkje fått signal om at avtalen med Rogaland ikkje skal vidareførast, men sidan det er politikarar som avgjer dette, er det ikkje sikkert at elevane får dette privilegiumet i all framtid.

– No når tyngdepunktet i Vestland har forflytta seg lengre nordover, fryktar eg kva som kan skje på sikt. Dagens ordning er kostbar for Vestland fylke, sidan dei må kjøpe skuleplassar til Sveio-elevane i Rogaland, seier Halleraker.

Oppfølging i eige fylke

Når det gjeld elevar i vidaregåande skule som treng spesiell tilrettelegging og dei som droppar ut av skulen, tenkjer rådgjevaren at det også ville vore ein fordel å ha desse tenestene i fylket dei går på skule.

I teorien skal Sveio-elevar henvisast til både PPT og få hjelp frå oppfølgingstenesta i Vestland, begge lokalisert på Stord. Etter det rådgjevaren erfarer, blir elevane ivaretatt av skulane der dei går per i dag.

– Sveioelevane behandla på same måte, men det er ein viss fare for at dei kan falla utanfor, og det er det ikkje så mange som veit om. Vegen er tyngre å gå til Stord, og dette gjeld ein del sårbare ungdomar, meiner Halleraker.

Endrar ikkje syn

Etter intervjuet kontakta Vestavind opplæringsdirektøren i Vestland, for å høyra nærmare om korleis avtalen fungerer. Sjølv om det blir sagt at avtalen er så og seia trygg, er ikkje Halleraker overbevist.

– Uttala endrar ikkje mitt syn. Det blir feil når opplæringsdirektøren seier at kjøp av skuleplassar berre er ei administrativ sak. Det administrasjonen gjer skal vere politisk forankra, så dersom fylkestinget går inn for at ordninga med kjøp av skuleplassar skal avsluttast, så må administrasjonen sørgja for at dette blir gjort, seier Halleraker.

Powered by Labrador CMS