nyhende

Tradisjonelt sett velgjer Sveio-ungdom skular på Haugalandet, og berre 13 prosent går nordover i fylket. Opplæringsdirektøren synest det er ei god løysing å kjøpa plassar i Rogaland. På bildet ser ein korleis nye Stord vidaregåande skule kjem til å bli, der studiespesialiserande fag og yrkesfag skal samlast under eitt.
Tradisjonelt sett velgjer Sveio-ungdom skular på Haugalandet, og berre 13 prosent går nordover i fylket. Opplæringsdirektøren synest det er ei god løysing å kjøpa plassar i Rogaland. På bildet ser ein korleis nye Stord vidaregåande skule kjem til å bli, der studiespesialiserande fag og yrkesfag skal samlast under eitt.

Ei sjølvfølgje å kjøpa elevplassar i Rogaland

Opplæringsdirektøren i Vestland er klar på at det ikkje er sannsynleg at avtalen med kjøp av skuleplassar i Rogaland kjem til å opphøyra. Sveio-politikar er ikkje overbevist om at avtalen er så sterk som det blir oppgitt.

Publisert Sist oppdatert

Tidlegare i prosessen med fylkestilhøyrsle har Vestavind fått opplyst, og skrive at avtalen Vestland fylkeskommune har med Rogaland fylkeskommune vedrørande kjøp av vidaregåande skuleplassar blir styrt av politiske vedtak på fylkesnivå.

Dette stemmer ikkje, i følgje opplæringsdirektør i Vestland, Bjørn Lyngedal. Som han nemnte på informasjonsmøtet førre torsdag, er samarbeidet mellom skulesektoren i Vestland og Rogaland bra. Det er ei administrativ avgjerd å kjøpa elevplassar i eit anna fylke, og har ikkje noko å gjera med politikk.

Sjølvfølgje

– Avtalen rullar og går, kjøp av plassar er ein langsiktig avtale. Det er ei sjølvfølgje at me gjer det, seier opplæringsdirektøren, som legg til at administrasjonen i fylkeskommunen ikkje har planar om å avslutta avtalen.

– Det kan skje ein gong i framtida at det kjem eit politisk initiativ til å ikkje kjøpa skuleplassar, men det er ikkje sannsynleg. Det er ikkje ei politisk sak i det heile. Det er vår plikt å gi våre elevar ein god skuletilgang. Slik det er no, er den beste måten å kjøpa plasser i Rogaland, seier Lyngedal.

Han stussar på kvifor Sveio-politikarar har uttalt at det er ein kamp om å få på plass avtale om kjøp av skuleplassar kvart fjerde år.

Bekreftar

Å kjøpa plasser av nabofylket er ein normal situasjon i grenseområde. Lyngedal opplyser at det finst nasjonale takstar for kjøp og sal av skuleplassar, der kostnaden varierer etter studieprogram. Vestland fylkeskommune lir ikkje noko tap av å kjøpa plassar til Sveio-elevane.

– I hovudsak er det mellom 130 000 og 170 000 kroner per skuleplass. Det blir pengar av det, men det kostar også pengar å ha elevar på eigen skule. Prisen blir nokolunde den same.

At det ikkje ei sak for politikarane, kan Karianne Torvanger (Ap), leiar i hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland bekrefta.

– Administrasjonen håndterer kjøp av elevplassar, dette ligg ikkje til politisk behandling, seier Torvanger.

Det var Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP) som uttalte at det må politiske vedtak til for å behalda avtalen med kjøp av plassar i Rogaland, noko administrasjonen og leiar for hovudutvalet seier at ikkje er eit tema. 

Meir politikk enn ein ser

Vestavind høyrer med Eriksen igjen, som seier at ein må vera klar over at det ligg meir politikk i sakene som det ikkje det blir referert til i dokumenta, og viser til to saker frå fylket, datert desember 2019.

Den eine saka er ei høyring om lokal inntaks- og formidlingsforskrift for Vestland fylkeskommune, den andre går på fritt skuleval og høyring om forslag til endringar i forskrift til opplæringslova kapittel 6.  

Me kontaktar Bjørn Lyngedal igjen, som er involvert i begge sakene for å høyra om desse sakene har noko å bety for Sveio sin del.

– Elevane i grenseområda er ikkje innbefatta i desse sakene, med unntak om dei ønskjer å gå på skule i Vestland, seier Lyngedal, som antyder at politikaren kanskje legg meir i sakene enn dei gjer.

Eriksen slår seg ikkje til ro med utsegn om at avtalen om kjøp av plasser i Rogaland er trygg. 

– Overhovudet ikkje. Etter valet var me varsla om at fritt skuleval stod på spel igjen. Vestland FrP har kvart år, som ein del av valkampen, at me framleis ønskjer fritt skuleval, seier Eriksen.

Powered by Labrador CMS