lesarbidrag

Brit Karin Bruvik (til venstre), Anna Haugsgjerd, Linda Valen og Torun Valen Frøkedal har forfatta Einstadbøvoll Helselag si rykande ferske jubileumsbok.
Brit Karin Bruvik (til venstre), Anna Haugsgjerd, Linda Valen og Torun Valen Frøkedal har forfatta Einstadbøvoll Helselag si rykande ferske jubileumsbok.

Boklansering på historisk grunn

Gratulerer til Einstadbøvoll Helselag, til Valestrand og heile Sunnhordland. No er endeleg jubileumsboka til Einstadbøvoll Helselag utgiven og komen i sal.

Etter å ha lese gjennom boka, sit nok mange att med stor takksemd til helselaget vårt og spesielt til dei fire som har tatt på seg dette møysommelege arbeidet med å samle inn og nedteikna både skrivne og uskrivne ord. Og gitt dette ut i bokform. Det ligg mykje arbeid bak. Skriftnemda har bestått av Anna Haugsgjerd, Brit Karin Bruvik, Torun Valen Frøkedal og Linda Valen. Her er mange forteljingar om helselaget sitt virke opp gjennom åra, frå 1921 og heilt fram til i dag. Boka er og godt illustrert med bilete frå gamal og ny tid. Frå tilrettelegging av turstiar til årlege julemesser, tilstellingar, aktivitetar og ikkje minst turar.

Grunnleggjarane av helselaget, eller Valestrand Sjukerøktlag som det i byrjinga heitte, var fru Gurine Rasmussen, frøken Sigrid Valen og Erling Horneland. Det fyrste som slår ein når ein les boka, er at her er mykje lokalhistorie om Valestrand samla. Historie og forteljingar som elles truleg ville bli gløymd.

Som det står i forordet i boka, så heng utviklinga av helselaget mykje saman med utviklinga i bygda og samfunnet elles. I byrjinga av det 20 århundre herja tuberkulosen landet vårt, og mange stader blei hardt ramma. Att sat mor og farlause. Andre mista ektefelle og forsørgjar. Jamvel heile barneflokkar strauk med. Dei hygieniske tilhøva rundt om i heimane var heller skrøpelege, og kunnskap om dette emnet var mangelfull.

Noko måtte gjerast, og resurssterke einskild personar gjekk saman og grunnla byrjinga på det Einstadbøvoll Helselag me kjenner i dag. Den lærdomen og dei ymse tiltaka som desse lokale pionerane tilførde bygda, har betydd svært mykje. Og spart mange liv opp gjennom dei tunge åra i førre århundre.

Me som hadde forfedre som vaks opp i Valestrand krinsen på denne tida, lever våre gode liv i dag. Me har alle mykje å takke dei som gjekk føre for. Det kan vere noko å ha på minne. Jubileumsboka blei til etter knapt to år med hardt arbeid av skriftnemda og dei rundt. Takk for godt arbeid, folket her nord er med rette stolte av dykk!

Torsdag 11. november blei utgivinga markert med ei tilstelling i Muren i Blyttgarden. Her var mykje bygdefolk samla. Sjølv ordføraren hadde funne vegen og var med og kasta glans over boklanseringa.

Boka er i grunnen ei lokalhistoriebok. Kanskje kjenner du nokon som er omtala i boka? Kven veit. Boka er og historisk i og med at ho er den fyrste boka utgjeve av eit lokalt helselag i Noreg, nokon gong. Ei fin julegåve er ho også.

Brigt Ottar Valen
Tittelsnes

Powered by Labrador CMS