nyhende

Kristin Tveit Beiermann.
Kristin Tveit Beiermann.

Ny leiar i Sveio barnehage

Kristin Tveit Beiermann (51) er tilsett som ny einingsleiar i Sveio barnehage.

Publisert Sist oppdatert

Kristin Tveit Beiermann kjem frå stillinga som styrar i Vats barnehage i Vindafjord, og har solid barnhagebakgrunn.

Tilbake til Sveio

Som nyutdanna kom ho til Førde barnehage i 1996, der ho var pedagogisk leiar i 10-12 år, dei siste sju åra har ho vore styrar i Vats barnehage.

– Eg gler meg, det blir spennade å koma tilbake til Sveio, samstundes er det også litt vedmodig å slutta i Vats. Barnehagen eg kjem frå har vore nedleggingstrua nokre år, og dét er ein av grunnane til at eg no vel å byta jobb, kommenterer Beiermann som er busett i Grinde.

Engasjert leiar

Beiermann meiner det er postivt at det i seinare år, særleg dei siste fem, har blitt stilt større krav til barnehagane.

– Me jobbar for det beste for barnet, fastslår den nytilsette. I Sveio tiltrer ho seinast 1. februar 2022.

Olaug Kvam vil vera styrar frå Bente Apeland sluttar og fram til ny styrar er på plass. Det opplyser barnehagesjef i Sveio, Elisabeth Nygaard til Vestavind.

Powered by Labrador CMS