nyhende

Bebuarar i Sveio sentrum er lei av tullballkøyring med traktor nattestid.
Bebuarar i Sveio sentrum er lei av tullballkøyring med traktor nattestid.

Traktorråning har blitt eit problem

Køyring med traktor tek nattesøvnen frå folk i Sveio sentrum.

Publisert Sist oppdatert

Råninga føregår på grusbana like nedanfor Sveio sjukeheim, der det dei siste to helgene har vore stor aktivitet nattetid med traktorar.

Runi Susan Wigg bur like ved og kjenner problemet på kroppen. Fredag var det aktivitet, natt til søndag blei ho vekka av motorstøy.

Filma rånarane

I rein frustrasjon tok Wigg fram mobilen og filma dei to traktorane som køyrde runde etter runde. Deretter la ho filmklippet ut på Facebook-gruppa «Ka skjer i Sveio?», i håp om at dei som står bak bråket får vita at dette ikkje er greit.

Reaksjonane let ikkje venta på seg. Mange har kommentert, blant anna naboar som også er plaga av støyen.

– Tidlegare har me opplevd ein del bil- og mopedkøyring på grusbana på kveldstid, motorstøyen har pågått i periodar alt frå klokka 23 på kvelden til halv fire på natta. Dette har me prøvd å leva med. Men når me blir vekka av traktorar som køyrer runde etter runde nattestid, er det svært frustrerande, seier Wigg som bur tett opp til den aktuelle grusbana saman med sambuar og ein hund.

Wigg meiner ei løysing på problemet kunne vore at rånarane fekk sitt eige område dei kunne disponera.

– Det verkar jo som om det er det dei manglar, seier ho.

Vil forfølga saka

Kommunalsjef helse og omsorg, Ingunn Toft, opplyser ho var ukjent med støyproblemet heilt til ho søndag morgon blei kontakta av Haugesunds Avis.

Toft kontakta einingsleiar ved Sveio omsorgssenter, Camilla Selbak, som igjen snakka med nattevakta.

– Det blei ikkje meldt om at nokon hadde høyrt bråket på omsorgssenteret den natta, men saka er nå på eit stadium at me ønskjer å forfølga ho vidare. Eg vil leggja saka fram på politirådsmøtet som er om to veker. Dette vil forhåpentlegvis føra til at dei det gjeld reagerer og tenkjer seg om neste gong dei er ute og køyrer nattestid, kommenterer Toft.

Powered by Labrador CMS