nyhende
Har tatt opp dårleg mobildekning med Telenor:
– Sveio fortener betre!
Med glimt i auga, men med alvor bak, har Alf Kristian Hansen tatt opp dårleg mobildekning i Sveio med Telenor. Han er blitt godt tatt imot, fortel han. Nå ventar han berre på resultat.
Hansen har nyleg flytta til Ålfjorden brygge på Tittelsnes, og det er særleg mobildekninga i dette området han klagar på.
– Telenor reklamerer nå for 5G, men her ute er det null G. Som eg skriv til Telenor, i dette området er det berre jungeltelegrafen som har god dekning. Sveio fortener betre enn dette.
Hansen er tilsett i Equinor, og til vanleg har han kontor på Kårstø. På grunn av koronapandemien har han nå i lengre tid hatt heimekontor. Det har gått fint på grunn av internett via kabel. Men så snart han kjem utanfor huset, på brygga eller andre stader, fell mobildekninga bort.
– Dette er ikkje berre ergerleg, det er også eit tryggleiksproblem. Det kan for eksempel
bli problem med å få tak i naudetatane om me skulle ha bruk for det. Av den grunn har for eksempel me i dette nabolaget investert i eigen hjartestartar, fortel Hansen.
Han peikar også på at verda er blitt endra dei siste par åra. På grunn av pandemien har fleire fått erfaring med heimekontor og nettmøte. I framtida meiner han alt ligg til rette for at fleire sveibuar kan arbeida heimefrå. Då er gode telekommunikasjonar avgjerande.
Dialog med Telenor
Hansen har også kontakta Sveio kommune om mobildekninga i nord, og er nøgd med det svaret han så langt har fått frå kommunalsjef utvikling, Kenneth Tollefsen. Her skriv kommunalsjefen blant anna:
Me har hatt dialog med operatør for å høyra kva som kan hjelpa for å få betra mobildekninga og kapasiteten på dei områda kor dette er dårlegast i Sveio. Me ventar på nærare tilbakemelding på kva kommunen eventuelt kan bidra med for å få fortgang i dette.
Tollefsen legg til at kommunen ikkje har løyvd pengar til dette føremålet. Han viser også til at dekning er operatørane sitt ansvar.
Løysingsforslag i januar
Pål Henrik Lukashaugen, prosjektleiar i Telenor, stadfestar at han kjenner til e-posten frå Alf Kristian Hansen. Lukashaugen forklarar dekningsproblema på Tittelsnes med at Telenor ikkje har basestasjon lengst nord i Sveio. Avstanden til næraste basestasjon på Stord er fire-seks kilometer.
– Me vil nå sjå på saka og ha eit løysingsforslag klart tidleg på nyåret. Dersom det blir
aktuelt å setja opp ein ny basestasjon på Tittelsnes, må grunneigaravtale, framføring av straum og kanskje også byggemelding på plass, fortel Lukashaugen.
Han fortel også at dekningsavdelinga i Telenor hadde møte med Sveio kommune tidlegare i år. Temaet var då dårleg mobildekning i fleire område, slik også kommunalsjefen er inne på i brevet sitt. Telenor vil nå ta opp igjen denne kontakten og invitera kommunen til samarbeid. Som eksempel på kva slikt samarbeid kan føra til, viser han til Vindafjord.
– Resultatet her har så langt blitt tre nye basestasjonar i drift, fortel Lukashaugen.
Spleiselag
Vestavind har snakka med ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord, som fortel at dei har heile ni samarbeidsprosjekt med Telenor. Tre av desse er fullførte.
– Samarbeidet går ut på at me står for veg og straumforsyning, grunneigarar held grunn
og Telenor står for bygginga av sjølve basestasjonane. Dette har sikra mobildekning til fleire grisgrendte område der det er vanskeleg å få kommersielle aktørar til å satsa, seier Vierdal.
Han legg til at samarbeidet starta på Dalsbruket for fleire år sidan og har halde fram etter det. Utan å ha tal på kor mykje dette har kosta kommuen, er Vierdal godt nøgd med spleiselaget. I sommar var Telenor-direktøren med på opning av basestasjonen i Vikedalsdalen. Den neste som står for tur, og som også kan gi positiv effekt for delar av Sveio, er ein stasjon på Vaka ved Bjoa.