nyhende

Spelet om fylkestilhøyrsle Rogaland eller Vestland:

Både ordførar og varaordførar i Sveio, Linn Therese Erve (Ap) t.h. og Ruth G. Ø. Eriksen (Frp) har fronta at dei ville bli verande i Vestland. Alt tyder på at dei får det som dei ønskja seg.
Både ordførar og varaordførar i Sveio, Linn Therese Erve (Ap) t.h. og Ruth G. Ø. Eriksen (Frp) har fronta at dei ville bli verande i Vestland. Alt tyder på at dei får det som dei ønskja seg.

Går heilhjarta inn for Vestland

Valet om fylkestilhøyrsle for Sveio nærmar seg og innbyggjarane skal gi si stemme. Rogaland eller Vestland?

Publisert Sist oppdatert

Ordførar Linn Therese Erve og varaordførar Ruth G. Ø. Eriksen har begge vore usikre, men har nå landa:

– Me går for Vestland. Usikkerheita med å byta fylke er framleis litt levande, – me veit kva me har, me veit ikkje kva me får, samstemmer dei to.

Begge gir uttrykk for at informasjonen som har kome fram på dei fire folkemøta har vore svært nyttig.

– Folkemøta har gitt oss viktig informasjon om nokon grenseoverskridande utfordringar som me allereie har tatt tak i for å få til betre løysingar for våre innbyggarar uavhengig av fylkestilhøyrsle. Årsaka til at eg har landa på Vestland er i eit heilt overordna perspektiv, at Sveio er best tent med å vera der me er i dag. Me veit kva me har, i tillegg har me registrert den uroa som landbruket er svært tydeleg på. Då tenkjer eg at me må jobba for utvikling av kommunen vår i det fylket me høyrer til no, fastslår Erve.

Sveio har unik posisjon

Erve trekkjer fram at ved eit fylkesbyte til Rogland vil Sveio framleis sitja i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, men tenkjer at over tid vil samarbeidet bli svekka.

– Sveio har ein unik posisjon der me sit i begge regionråda – Sunnhordland og Haugalandet. Dette utgjer ein styrke, meiner ordføraren. – Me arbeider aktivt for å få enda tettare samarbeid i regionane mellom Bokn og Bjørnen, då det vil vere svært gunstig for vidare utvikling av Sveio og heile denne regionen. Når Rogaland ikkje er ein del av Vestland trur eg Sveio er best tent med å vere i Vestland og arbeide vidare med å «viske ut» fylkesgrensa, seier ordføraren.

Det beste for Sveio

– Eg trur ikkje den jamne innbyggjar vil merka om me er i Rogaland eller Vestland. Næringslivet til dømes ser ikkje på grensene, så det blir dei nære tinga som til dømes vidaregåande skule og samferdsel, der me klarar å få til dei beste løysingane som blir viktigast. Der trur eg Vestland er det beste for Sveio, meiner varaordførar Eriksen.

Begge er tydelege på at det er deira personlege meining som innbyggjar i Sveio dei nå luftar for Vestavind. Dersom folkeavstemminga seier Rogaland, kjem dei begge til å gå for det.

Fokusert på utfordringar

Det har vore fire folkemøte denne hausten med noko variabelt oppmøte. Det har kome fram informasjon som har gått begge vegar. Mange har sett det som positivt at det har vore rom for å stilla spørsmål.

– Det å finna utfordringar har vore like viktig som saka om å byta fylke. Det har kome inn ein del små, men viktige ting i prosessen, og som me alt har teke tak i, påpeikar dei to folkevalde.

Begge håpar og trur at folkemøta har skapt engasjement, og at folk går og stemmer. Kva resultatet blir får me vita 10. januar når stemmene er talde opp. Dess fleire som går og stemmer dess meir legitimitet blir resultatet, minner ordføraren om.

– Korleis er magekjensla før valet?

– Eg fryktar det blir med berre nokre få stemmer overvekt den eine eller andre vegen. Men eg håpar alle i Sveio har respekt for det resultatet me får, seier Eriksen.

–  Me har eit godt samarbeid både mot Sunnhordland og Haugalandet, så uavhengig av om det blir Vestland eller Rogaland kjem me til å jobba for god utvikling av Sveio vidare, forsikrar Erve.

Powered by Labrador CMS