nyhende

Stigande smittetrykk i Sveio:

Kommunalsjef Ingunn Toft må igjen ut på legejakt.
Kommunalsjef Ingunn Toft må igjen ut på legejakt.

Smittetrykket i Sveio er stigande

Sist veke hadde Sveio det høgaste smittetalet i pandemien med 31 smittetilfeller på ei veke.

Publisert Sist oppdatert

– Tala dei siste vekene syner at smittetrykket i Sveio er stigande. Det har og vore 2 tilsette ved Sveio omsorgssenter som har vore smitta i tillegg til 1 pasient. Det er generelt høgt sjukefråvær med mykje ordinære luftveissjukdommar som gir driftsutfordringar, og situasjonen er krevjande, opplyser kommunalsjef for helse og omsorg, Ingunn Toft.

Ved Sveio skule er det no flest smittetilfeller i ungdomsskulen, og det er samstundes smittetilfeller knytt til fleire barnehagar.

– Om det er aktuelt med fleire tiltak regionalt vert fortløpande vurdert, seier Toft.

Vaksineringa i rute

Ifølgje kommunalsjefen held vaksinasjonen held fram med torsdagar som fast vaksinasjonsdag. Målet er at alt helsepersonell og innbyggarar over 65 år skal vere vaksinert med 3. dose innan nyttår, og der er Sveio godt i rute. Det vert planlagt for at alle over 18 år skal ha fått 3. dose innan februar i Sveio.

Powered by Labrador CMS