nyhende

Farmasøyt Marianne Bergtun har fleire typar munnbind i hyllene, men hurtigtestar er det tomt for.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Farmasøyt Marianne Bergtun har fleire typar munnbind i hyllene, men hurtigtestar er det tomt for.

Tomt for hurtigtestar

Apotek 1 i Sveio er utselt for korona-hurtigtestar. — Vi veit ikkje når vi får inn nye, seier farmasøyt Marianne Bergtun.

Publisert Sist oppdatert

Apotek 1 i Sveio sentrum er den einaste utsalsstaden for hurtigtestar i Sveio kommune.

Farmasøyt Marianne Bergtun seier til Vestavind at etterspurnaden har vore spesielt stor dei sise tre vekene.

Kanskje neste veke

Og torsdag føremiddag, same dag som dei nye nasjonale smitteverntiltaka er sett i verk, er det altså heilt tomt for desse testane på den einaste utsalsplassen i Sveio.

Også andre stadar på Haugalandet blir det meld om at hyllene er tomme.

— Me har også fått melding om at det er tomt på lageret som vi får våre varer frå, seier ho.

Ho håpar at dei får inn ny forsyning neste veke, men ho legg til at ho kan ikkje love noko.

— Nei, det blir berre gjetting, som å stikke fingeren i lufta, seier ho.

Bra med munnbind

Munnbind er det derimot godt med i apotekhyllene i Sveio ennå. Både dei kirurgiske, og dei såkalla respiratormaskene som stadig fleire har fått augene opp for. Bergtun forklarer at sistnemnde beskytter brukaren best, mens dei kirurgiske er best på å beskytte dei du har rundt dei for smitte.

Powered by Labrador CMS