Ved midnatt natt til måndag var det utført 8,9 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 350.424 personar testa positivt.FOTO: NPK
Ny dag med ny Sveio-smitte
Fire nye personar med folkeregistrert adresse i Sveio vart sundag registrert som koronasmitta. Det betyr til saman 15 nye frå fredag.
NPK-NTB/VESTAVIND: Det er tal VG får frå Folkehelseinstituttet, og gjeld personar med folkeregistrert adresse i Sveio. Fredag var det registrert 4, laurdag 7, og sundag 4.
Tal nye registrerte med koronasmitte sundag på Haugalandet og Sunnhordland:
Sveio: 4
Haugesund: 19
Karmøy: 29
Tysvær: 0
Vindafjord: 5
Etne: 2
Stord: 1
Bømlo: 4
Det er måndag 8 innlagde koronapasientar i Helse Fonna-området-
3.022 i Noreg
Det siste døgnet er det registrert 3.022 koronasmitta i Noreg. Det er 600 færre enn same dag førre veke.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 4.649 koronasmitta per dag.
Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 4.626, så trenden er stigande.
Søndag var 356 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var åtte færre enn dagen før.
117 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 74 på respirator. Det er like mange på intensiv og like mange på respirator som dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
Ved midnatt natt til måndag var det utført 8,9 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 350.424 personar testa positivt.
Til no har 4.269.323 personar fått første dose av koronavaksinen, 3.897.475 personar har fått andre og 1.222.199 har fått tredje dose.
Til saman er 1.204 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.
59,4 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 26 dødsfall i Noreg.