nyhende
Satsar med ny kulturfestival
Kulturbygda Valestrand inviterer i mai til ein kulturfestival som skal samle kunstnarar frå heile Sveio.
Det er i den særs aktive kulturbygda Valestrand at det ligg an til å bli ei staseleg og variert kulturhelg frå 20. til 22. mai neste år.
Ideen som vaks
– Stikkordet for festivalen er Sveio. For det er berre er artistar og kunstnarar som enten bur i Sveio, eller som kjem frå Sveio, som blir inviterte, seier initiativtakar Marco Thomas (45).
Det heile begynte med at vaksenteatergruppa TeARTig planla ei utandørs framsyning på Einstadbøvoll gard over tre dagar.
— Så byrja eg tenkje på om kvifor vi ikkje gjer dette til noko større, fortel Thomas.
Og ein idé blir heldigvis nokre gonger til noko meir. No planleggast det både konsertar, danseoppvisningar, tekstframføringar og kurs gjennom heile helga. Det skal vere kulturtilbod til både vaksne og barn.Einstadbøvoll gard blir hovudarena for festivalen, og Thomas reknar med at dei også vil gjere seg nytte av Valestrand oppvekstsenter.
Det ligg an til teater og konsertar fredag kveld, mens det opnast for fleire kunstformar både laurdag og sundag.
— Ta kontakt
Tyskfødde Marco Thomas har også fått med seg dei fleste frivillige organisasjonane i bygda, og det heile har no blitt eit stort samarbeidsprosjekt kor mellom andre bygdelaget, kvinnelaget og FAU står bak. Liv og lyst-prosjekt i Valestrand er også ein del festivalplanane, fortel han.
Det er allereie klart at Valestranddagen, ein tradisjonell marknadsdag som etter planen skulle ha vore i juni, no blir ein del av kulturfestivalen nest siste helga i mai.
No vil Marco Thomas ha kontakt med lokale kunstnar frå heile kommunen.
— Me kjenner ikkje alle, difor håper me å få kontakt med fleire ved no å fortelje om planane i lokalavisa, seier han.
Han håpar også at Sveio kommune vil bidra.
— Målet er at festivalen skal gi god reklame for heile kommunen, seier han.