nyhende
Mange sveibuar har ombestemt seg
Skepsisen mange sveibuar hadde til å setje tredje vaksinedose før jul har fått nasjonal merksemd. No merkar kommunen at mange har ombestemt seg.
Det var Vestavind som tidlegare i veka kunne melde at vaksinesenteret i Sveio fekk tilbakemeldingar frå folk som var skeptiske til å ta vaksine før eller i jul, fordi dei frykta biverknadar.
NRK fanga opp nyheita, og saka gjekk nasjonalt i deira kanalar onsdag. Litle julaftan hamna saka på leiarplass i VG. Og no opplev kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio kommune, Ingunn Toft, at mange har høyrd på kommunen si bøn om å bestille time.
— Mediemerksemda har gitt resultat, fortel ho til Vestavind torsdag føremiddag.
Frå 700 til 278 ledige
Mens kommunen tidlegare i veka sat med 600-700 dosar som ikkje var bestilt, var talet torsdag krympa til 278.
No håpar ho at også dei siste timane blir bestilt til vaksineringa som skal finne stad onsdag 29. desember på Vigdartun.
— Vaksinane me eventuelt har til overs frå den dagen, tek vi med oss til vaksinering på nyåret, seier ho.
Etter at saka om dei mange ledige dosane i Sveio vart kjend, fekk kommunen også mange telefonar frå innbyggarar i nabokommunar som gjerne ville kome og få vaksine.
— Dei seier me nei til. Kvar kommune legg sitt løp og bestiller vaksinar i høve til det, presiserer ho.
Men nokre unnatak blir gjort. Sveio er ein stor hyttekommune, og kommunen stiller seg opne for å setje vaksine til dei julegjestane som har lang reiseveg heim for å få vaksine.
Men Toft presiserer at det ikkje snakk om hyttegjestar frå Haugesund eller andre nærliggande kommunar.
— Me snakkar om dei som har lang reiseveg heim, seier ho.
På same vis vil også studentar og andre som elles er på julebesøk i Sveio få høve til å få vaksine.
Drop-in
Kommunalsjefen legger til at det også blir drop-in-timar på Vigdartun onsdag.
— Det er eit tilbod som også er til dei som ikkje er så vant med å bruke internett til å bestille timar, seier ho.
Vestavind melde torsdag morgon at smittetalet har auka igjen i Sveio.
— Sjølv om det var null registrerte tysdag, var me kjende med at det truleg ville kome fleire positive resultat onsdag, så det var me ikkje overraska over. Og vi reknar med at det bli ei auke i dagane som kjem, seier Toft.
Det er så langt ikkje registrert smitte av omikron-varinanten av covid-19 i Sveio.