nyhende

Vinteren 1954/55 brann bustadhuset ned i Saltviken (br. 3 i Staupe) og Sivert og Nilsine mista alt dei eigde. Det var denne plassen Tone kom til då ho var tre år.
Vinteren 1954/55 brann bustadhuset ned i Saltviken (br. 3 i Staupe) og Sivert og Nilsine mista alt dei eigde. Det var denne plassen Tone kom til då ho var tre år.

Taterjenta Tone og drengen Jens

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er skrive av Tor Magne Larsen og handlar i hovudsak om taterjenta Tone og drengen Jens som fann kjærleiken på Staupe ved Ålfjorden ein gong på 1930-talet. I historia er det også fletta inn personar som direkte eller indirekte har hatt tilknyting til dette paret. I Staupe-slekta har det i stor grad vore tradisjon for munnleg overlevering frå generasjon til generasjon, noko som denne historia er eit godt døme på. Larsen refererer også til ting han sjølv har opplevd, i tillegg til å nytta bygdebøker og anna oppslagsverk som kjelde.

Barneheim i Kopervik i 1922.

Rundt 1500 «omstreifarborn» blei fjerna frå foreldra sine i perioden mellom 1900 og 1960. Dei skulle reddast frå «livet på landevegen». Tone Johansdatter f. 1920 i Sør-Audnedal (i dag del av Lindesnes kommune) blei som lita plassert på ein barneheim i Kopervik, saman med ein av brørne sine. Då far deira, Store-Johan, blei fråteke borna sine orka han ikkje leva, han tok livet sitt då han for uti ei stor elv.

Sivert Staupe (1872) frå Saltvika i Staupe vart først gift i Vindafjord og fekk sonen Jørgen i 1903. Kona døydde tidleg og Sivert sine svigerforeldre tek seg av guten. Sivert tek over Saltvika i 1894, men han tek ikkje over drifta før han sjølv flyttar dit rundt 1910.

Han giftar seg opp att med Nilsine Flaatene (f. 1890). Foreldra hennar kom frå Tysnes. Nilsine sitt søskenbarn, Ingeborg Olsdatter frå Tysnes, blei gift til Lio gnr. 38 bruk 3 i Sveio.

Det kom mange born til verda og sonen Anbjørn Lien f.1908, kom til Nilsine og Sivert som fosterbarn då han var 10-12 år.

Bror til Sivert, Endre Johan, giftar seg til Bårvåg med Anna Serine. Dei tek til seg eit udøypt barn. Mora var frå Finnmark, ho blei gravid i Oslo, reiser til broren i Stavanger, og føder barnet der, og utvandrar sjølv til Amerika. Barnet blei fødd i 1920 og blei døypt Solveig.

Sivert og Nilsine hentar seg ei lita jente på barneheimen på Karmøy, det er tre år gamle Tone Johansdatter. På barneheimen hadde Tone hatt barn å leika med, og ein bror å støtta seg til, nå følte ho seg åleine. Tone fortalde at ho lengta tilbake og det rann mange tårer den første tida. Men det blei betre då ho fekk vera ilag med Solveig i Bårvåg.

Tone var ei kvikk og lettbeint jente, då ho var rundt fem år lurte ho seg avgarde til venninna si i Bårvåg. Dei to blei som søstre, eit vennskap som varte livet ut. Det blei mange turar for han Anbjørn for å henta fosterdottera heim att. Då Tone kom i tenåra var ho vilter og likte å vandra, det låg i blodet blei det sagt, og fosterforeldra vart nå strengare med henne.

Nils Fuglestig frå Luster i Sogn kjøpte Stualand gnr. 112 bnr. 1 i Sveio i 1933. Han var ugift og hadde med seg brorsonen sin Jens f. 1915. Nils selde garden i 1934 og reiste tilbake til Luster.

Nabokona på Stualand var Gurine på Smalaflåten. Ho var bakstekone og kom til Anna og Gregorius Staupe for å baka. Gurine sa då til Gregorius at viss han ville ha seg ein arbeidsam dreng måtte han tilsetja Jens. Som sagt så gjort, Jens blei tilsett i 1934, men det var nok Tone på nabogarden som freista mest, ikkje løna.

På Håvardsholm bruk 4 (Kobba), var det postkontor. Det var ikkje komen veg på den tida så ein måtte gå i utemarka store delar og på gardsvegar. Post blei vanlegvis henta kvar lørdag av ein frå Staupe. Nå blei dei oftast til at drengen Jens henta post og aviser, og når han kom til Sivert og Nilsine blei han beden inn og fekk då prata med Tone. Dette førte til at Jens tok turen både to og tre gonger i veka, blei det sagt.

Ein gong hadde Gregorius kjøpt ein liten grisunge, ein hanngris. Den var ikkje kastrert og ein dag sa Staupe-bonden til Jens at nå var det på tide å høyra med Sivert om han ville koma ned og ordna dette.

Det var vanleg at Gregorius på bruk 2 og Sivert på bruk 3, tok seg ein høneblund etter middagen. Men då Gregorius hadde lagt seg tok Jens grisen med seg og banka på døra til Sivert og ba han kastrera grisen. Sivert vart sint etter å ha blitt uroa i kvilda og sender Jens heim med grisen, han ville koma ned seinare og ordna opp, sa han.

Då Jens ser Sivert litt seinare koma går han i dekning og let i staden Gregorius ta støyten. Han derimot hevdar at Jens må ha høyrt feil, mens Sivert var av den trua at det var Tone han ville ha litt moro med.

I 1918 sel foreldra til Nilsine garden på Flåtene. Den nye eigaren deler garden i 1936, og br. 3 Nedre Flåtene, får Anbjørn, fostersonen i Staupe bruk 3, kjøpa, truleg med støtte frå Sivert og Nilsine. Og når Øvre Flåtene, br. 1 kjem for sal i 1937, kjøper Sivert garden.

Jens, drengen i Staupe, får si Tone og dei tek over Flåtene-garden etter hennar fosterforeldre. Dei får borna Sigrun Serine i 1938, Georg Olav i 1939 og Jenny Kari i 1942.

Fostermor Nilsine har to ugifte søstre som bur utan jord på husmannsplasset Stemhaugen under Flåtene. Jens og Tone sel jorda til desse søstrene, som igjen sel garden vidare i 1948. Jens ville nå heim til Sogn, der fekk han seg arbeid i Statens vegvesen.

Sivert og Nilsine dreiv Saltvika til 1941. Huset var delt i to leilegheiter og i den eine budde stemor til Sivert, Anna Jensdatter frå Gjerde bruk 2 under Haugsbø. Sivert tok under bruksrett på sin del av huset på levetida då han selde. Det førte til at stemora måtte ut. Anna flyttar då til broren Ola, busett ved Økland nær Skjoldastrumen.

Jorda selde Sivert til Edvard Svåsand frå Kopervik. Broren Leif kjøpte Staupe br. 1 Slettavik i 1940. Jørgen, son til Sivert frå første ekteskap, odla garden i Staupe frå Edvard Svåsand, same året som Edvard kjøpte garden, i 1941.

Jørgen hadde kjøpt Ilsvåg Landhandel, hadde postkontor og var rutebåtekspeditør, det var lite tid til å driva gard.

Vinteren 1954/55 brann bustadhuset ned på br. 3 i Staupe og Sivert og Nilsine mista alt dei eigde. Nilsine blei nå sjuk og døydde i 1959. Sivert får koma til fostersonen Anbjørn på Flåtene br. 3 dei siste åra han levde.

Det blei Jørgen sin eldste son Syvert, som tek over drifta av Staupe br. 3 (Saltvika), og set opp nytt bustadhus.

Jens drengen i Staupe br. 2, og kona Tone var fleire turar til Staupe på 1970-talet. Dei var også i Haugesund og besøkte Solveig som var gift Vestre.

Ein gong hadde dei med seg eit eldre par til Staupe. Tone fortalde at for mange år tilbake stod det ei annonse i eit vekeblad der ei kvinne etterlyste born som hadde budd på barneheimen på Karmøy rundt 1920-åra.

Tone hadde teke vare på annonsa. Nå tok ho den fram og søkte opp telefonen til denne kvinna. Det vist seg at ho var gift med ein litt eldre bror av Tone og oppfostra i Tysvær. Broren hadde i ungdomen pakta ein gard i Tysvær, men var nå busett på Austlandet og hadde familie der.

Han fortalde at han hugsa foreldra, og det mest dyrebare faren hadde var hesten. Dei var fastbuande om vinteren, men om våren til utpå hausten vandra dei rundt med hest og vogn.

Bror til Tone fortalde også at hesten var hans, heilt tilbake som han kunne hugsa. Han hadde frå barndomen sakna kontakten med søskena sine som han visste om, men han hadde gode og snille fosterforeldre i oppveksten.

Jens, Tone, og broren med kone, reiste tilbake i tid, dei hadde vore til barneheimen på Karmøy, sett der bror til Tone var oppfostra i Tysvær, vore på besøk i Haugesund hos Solveg, besøkt son til Gregorius, Ola på Krossgot i Sveio. Dei kom så til Staupe der dei var rundt og såg på begge gardane.

Den siste turen Jens og Tone kom til Staupe hadde Jens hatt slag og var sterkt redusert. Dei hadde brukt fleire dagar på turen frå Sogn, det var Jens som sat bak rattet.

Jens tok då farvel med Gregorius og Anna og sa «det er nok siste gongen me møtes, lev vel».

Då Jens var død, fekk Tone seg ein leilegheit i Sogndal. Sonen Geir Olav blei ingen gamal mann.

Dottera Sigrun Severine var heime hos Tone i leilegheita og vaska, der var berre eit soverom så Tone la seg på rommet sitt og Sigrun på sofaen i stova.

Då Tone står opp om morgonen finn ho dottera død på sofaen. Tone blei over 90 år og måtte følgja to av borna sine til grava.

Powered by Labrador CMS