nyhende
Råka av hackarangrep: Haugesunds Avis kjem ikkje ut på papir onsdag
Natt til tysdag vart fleire av Amedias sentrale datasystem sette ut av drift, og personopplysningar kan vere på avvegar. Onsdag kjem ingen av papiravisene deira ut, heller ikkje Haugesunds Avis.
— Vi beklager på det sterkesta problema dette får for våre lesarar og annonsørar, skriv ansvarleg redaktør Einar Tho i ein leiar i eiga avis.
Produksjon av stoff til nettaviser i Amedia-konsernet går som normalt trass i problema.
– Situasjonen er uklar. Problema vi opplever, kjem av eit eksternt dataangrep mot enkelte av systema våre. Vi er i ferd med å få oversikt over situasjonen, men kjenner enno ikkje det fulle skadepotensialet, seier konserndirektør for teknologi Pål Nedregotten i Amedia.
Intens jobbing
– Vi har allereie sett i verk omfattande tiltak for å avgrense skaden og for å rette opp igjen normal drift så raskt som mogleg, seier Nedregotten.
Problema er avgrensa til dei systema som blir administrerte av Amedias sentrale IT-selskap, Amedia Teknologi. Amedias andre system fungerer som normalt, ifølgje pressemeldinga.
– Alle tilgjengelege ressursar jobbar no intenst med å løyse problema og avdekkje kva skadar som har skjedd. Vi beklagar dei problema som har oppstått, og som på ulike måtar rammar kundane våre og tilsette, seier Nedregotten.
Personopplysningar
Det er framleis uklart om personopplysningar har komme på avvegar. Amedia kan ikkje sjå bort frå det, men førebels har dei ingen sikre opplysningar om at det har skjedd.
– Amedia jobbar no med utgangspunkt i at kundedata kan vere kompromittert. Viss personopplysningar har komme på avvegar, vil ramma bli informert raskast mogleg. Dette vil gjelde både kundar og tilsette. Datatilsynet vil i eit slikt tilfelle bli varsla om kva som har skjedd, og korleis vi jobbar med mildnande tiltak, seier Nedregotten.
I abonnementssystemet som har vorte angripe, ligg det namn, adresse, telefonnummer og abonnementsform og -historikk om abonnentane. Andre data som aID-passord, lesehistorikk og opplysningar om bankkort er ikkje ramma.
Saka vil bli politimeldt, ifølgje Nedregotten.
Redaktørforeininga svært bekymra
Assisterande generalsekretær Reidun K. Nybø i Redaktørforeininga meiner eit dataangrep på redaktørstyrte medium er svært alvorleg og sterkt urovekkjande.
– Vi er særleg redde for at sensitivt materiale kan ha komme på avvegar, seier Nybø til NTB.
Ho seier det er for tidleg å svare på om dette kan vere eit angrep retta mot pressa i og for seg.
– Men det er jo eit spørsmål ein stiller seg når eit mediehus blir angripe, og det får såpass store følgjer. Når ingen Amedia-papiraviser blir publiserte onsdag, så er det i seg sjølv eit stort problem, seier ho.
Nasjonalt tryggingsorgan vil ikkje kommentere angrepet, men seier det ikkje er overraskande.
– Vi kjenner til saka, men vi må vise til Amedia, som handterer saka, seier senior kommunikasjonsrådgivar Fredrik Johnsen i NSM til NTB.
Fleire angreip
Tidlegare denne månaden åtvara tryggingsstyresmakta mot alvorlege dataangrep i jula og bad norske verksemder ha høg beredskap i fridagane.
– Vi har sett ein sterk auke av cyberoperasjonar i november og desember. Frå før veit vi at trusselaktørane utnyttar fridagar med lågare beredskap, og faren for angrep mot norske verksemder i jula er derfor stor. Norske verksemder må ta denne trusselen på største alvor, sa direktør Sofie Nystrøm i NSM 13. desember.
Også amerikanske FBI åtvara i slutten av november om at høgtida er ein periode der det blir forventa fleire digitale angrep. Det kan vise seg at dei har fått rett.
Før jul vart samvirket Nortura utsett for eit omfattande dataangrep som førte til redusert aktivitet ved fabrikkar i tillegg til at varer ikkje blir ekspederte.
Det er ikkje rapportert om nokon mistanke om samanheng mellom dataangrepa.