nyhende
Skulestart på gult nivå måndag:
Oppmodar til testing før skulestart
Sveio kommune oppmodar elevar og tilsette i skule og barnehage til å teste seg før skulestart måndag. Kommunen deler ut gratis testar til tilsette og føresette torsdag og fredag.
Kommunalsjef for oppvekst og kultur opplyser Elisabeth Nygaard i Sveio kommune opplyser til Vestavind at dei sender ut melding til både føresatte og tilsette med oppmoding om å teste seg før skulestart måndag.
I meldinga, som Vestavind har fått kopi av går det fram at Sveio kommune, i tråd med nasjonal tilrådgingar, gir tilbod om sjølvtestar til alle elevar i skulen til skulestart måndag 3. januar 2022.
Dette gjeld og for tilsette i skulane og barnehagane.
Sjølvtestane skal takast innanfor dei siste 24 timane før skulestart, heiter det i meldinga.
Oppmoding frå FHI
Kommunen viser til FHI som på sine sider at elevar i grunnskule, videregåande skular og vaksenopplæring og tilsette i barnehagar og skular vert oppmoda til å ta ein sjølvtest, tidlegast 24 timar før dei møter på skule eller barnehage etter juleferien.
— Dei som har gjennomgått covid-19 dei siste tre månader, og dei som har fått boosterdose for meir enn ei veke sidan, skal ikkje testast.
Det opnast for at foreldre til elevar i skulen og tilsette i barnehagane og skulane kan hente testar på kommunehuset mellom klokka 10 og 17 torsdag 30.desember.
Det er og utlevering frå butikkane i Auklandshamn og i Valestrand. Der kan testar hentas frå kl 15.00 og elles når butikkane har opent fredag, skriv kommunen.
Startar på gult nivå
Sveio kommune følgjer nasjonale retningsliner om drift for barnehagar og skular på gult nivå ved skulestart.
Skulane og barnehagane må sørge for å ha beredskap for rask overgang til raudt nivå dersom det blir aktuelt, eller den lokale situasjonen skulle tilsei det.