nyhende
Melodi Grand Prix i kveld:
Frå Førde skulekorps til MGP-scena
Laurdag kveld skal Jostein Austvik (40) frå Hanaleite i Sveio kjempe om avansement til semifinalen i Melodi Grand Prix saman med bandet sitt Trollfest.
Den oslobusette sveibuen er saman med karmøybuen John Espen Sagstad grunnleggar av bandet Trollfest, som har halde det gåande heilt sidan 2003.
Bandet består av åtte medlemmar, og dei som kjenner gjengen veit kva tv-sjåarar har i vente når dei laurdag deltar i første delfinale i årets MGP. Det handlar om ei heftig blanding av hardmetall i spedd balkan-inspirerte rytmar.
Førde-Haugesund-Liverpool-Oslo
Vestavind fekk ein prat med den utflytta sveibuen då han og Sagstad var på veg frå direktesending i programmet Nitimen på NRK P1 og lydprøvar framfor årets første MGP-show på H3 Arena på Fornebu.
— Mi musikalske reise starte som trommeslagar i Førde skulekorps, fortel Austvik til Vestavind.
Etter skulegang i heimkommunen gjekk verden vidare musikklinja på Skeisvang vidaregåande i Haugesund, og så til den såkalla Paul McCartney-skulen (Liverpool Institute of Performing Arts) i England. Så bare det heim til Noreg, og sidan 2007 har han vore busett i Oslo.
— Kvifor MGP?
— MGP går jo for å vere ein veldig fest, og er det noko me elskar, så er det ein fest, ler han.
Snart ny plate
Han legg til at bandet, som også har ein veksande utanlandsk fan-skare, har ny plate på gang. Den skal etter planen skal vere klar om to-tre månadar. Namnet på plata er førebels hemmeleg, men Austvik legg ikkje skjul på at det passa bra å sleppe den første singelen, «Dance Lika A Pink Flamingo», i MGP.
Austvik fortel at bandet har jobba med låta i eit par år, og starta på ho lenge før dei hadde MGP i tankane.
— Me hadde vel ein klar tanke i starten, så har vi jobba og forbetra den undervegs. Og me har jo hatt god tid til å finpusse den under pandemien, legg han til.
— Er låta dykk skal opptre med døme på kva resten av plata vil innehalde?
— Både og. Det er ei eklektisk plate me skal sleppe, kor me er innom mange forskjellige genre. Men joda, låte er nok eit godt samandrag av det heile, seier han.
Sjølv er han eigentleg trommeslagar. Men på MGP-låta er han vokalist, og bidreg i tilegg med det han sjølv beskriv som perkusive detaljar.
Norgesturné
Bandet har fleire noregsturnear bak seg, og har også vore å sjå og høyre på scena også på Haugalandet tidlegare.
—Sist gong på Flytten i Haugesund i 2016 eller 2017, trur eg, seier han.
No håpar han å ta bandet med seg heim til Haugalandet så snart som mogeleg.
— Me planlegg ny noregsturné, og håpar å kome i gang så snart myndigheitene er ferdig med dei utrolig klare retningslinjene for smittervern, seier han.
Finn roen i Sveio
Austvik er heime i Førde så ofte som han kan.
— Foreldra mine bur framleis der, og eg set stor pris å kunne heime i blant.
Han trekk fram at han set pris på fisketurar i lag med faren.
— Det er deilig å nyte stillheita heime i blant, seier han.
I Oslo livnærar han seg som barnehageassistent i eit vikarbyrå, mellom musikkjobbane.
— I pandemien har det vore mest barnehage og ikkje så mye rock´n roll, seier han.
Trollfest skal opptre på direktesendt norsk fjernsyn for første gong laurdag. Austvik fortel at det ikkje er fritt for at dei har sommarfuglar i magen.
— Men det er mest moro, og alt i alt gler me oss veldig til å spreie galskapen vår utover heile statskanalen, avsluttar han før han må inn til første lydsjekk i H3 Arena på Fornebu.