nyhende

Jostain Austvik og resten av bandet Trollfest var nærme, men røyk ut av MGP laurdag kveld. SKJERMDUMP: NRK
Jostain Austvik og resten av bandet Trollfest var nærme, men røyk ut av MGP laurdag kveld. SKJERMDUMP: NRK

Noreg var ikkje klar for sveibuen Jostein og hans rosa flamingoar

Trollfest med Jostein Austvik få Sveio nådde ikkje gullfinalen laurdag kveld. Men alt håp er ikkje ute.

Publisert Sist oppdatert

Dei laga eit forrykande sceneshow, men Noreg var ikkje klare for rosa flamingoar då den første delfinalen i MGP gjekk av stabelen laurdag kveld.

Artistane konkurrerte først i duellar i kamp mot ein plass i gullfinalen, og Trollfest tapte sin duell mot artisten Frode Vassel og hans låt "Black Flowers».

Vassel vann også gullduellen artisten Eline Noelia og han er derned klar for finale 19. februar.

Framleis mogelegheit for flamingoaene

Dermed er MGP-eventyret førebels over for Trollfest.

Men dei kan enno kome til finalen via «sistesjansen», kor alle som ikkje kvaliserte seg via delfinalen møtes til ein siste kamp om ein plass i finalen.

Sistesjansen blir arrangert over to program, 7. februar og 12. februar.

Powered by Labrador CMS