nyhende
Fekk straumrekning på 33.540 kroner
Den høge straumprisen er i ferd med å ta knekken på nærbutikken i Auklandshamn.
Åse Marie Økland (47) har drive nærbutikken i Auklandshamn i åtte år. Kvar månad er, som for nærbutikkar flest, ein kamp for å halde butikken, som er den einaste i bygda, flytande.
Men no, når straumrekninga for dei to siste månadene i 2021 har dukka opp i innboksen er det alvor:
- Straumrekning for november: 22.236 kroner (7.141 kroner i november 2020)
- Straumrekning for desember: 33.540 kroner (9.625 kroner i desember 2020)
Ho fortel at butikken ho driv har dei same maskinane og i praksis det same straumforbruket som for eitt år sidaen. Det er med andre ord auka i straumprisen åleine som er i ferd med å rive ned grunnlaget for nærbutikken i Auklandshamn.
— Dette kjem ikkje til å gå meir enn eit par månadar til seier, butikkinnehavaren.
At butikken hennar får ei slik utgift i januar, merkast ekstra godt.
— Januar er ein stille månad frå før. Og vi merkar dessutan at også kundane handlar mindre, truleg som ein følgje av at dei sparar der dei kan for å kunne betale si eiga straumrekning, fortel ho.
Ho frir likevel til kundane no.
— Skal det vere nærbutikk i Auklandshamn framover, er det viktigare enn nokon gong å handle lokalt, understrekar ho.
Ikkje åleine
Økland er med i ei Facebook-gruppe for distriktsbutikkar i Noreg, og fortel at det er mange som no opplev tilsvarande rekningar.
— Dette er kjempealvorleg. Ikkje berre for oss som driv butikkane, men for heile lokalsamfunn i distrikta, seier ho.
Ho meiner at staten må vakne, og syte for å få på plass ei støtteordning til straumrekning for nærbutikkar i distrikta, slik private hushald, bønder og no sist frivillige organisasjonar har fått.
Ho viser til at nærbutikken ofte er limet i små lokalsamfunn, og at om dei forsvinn arbeidsplassar, og det råkar bulysta til folk som ønskjer å leve liva sine i distrikta.
— For pensjonistar, som ikkje har så lett for å kome seg langt av garde for å handle, er det ekstra ille, meiner ho.
Kartlegg omfanget
Auklandshamn Dagligvare AS har tidlegare fått støtte frå det statlege Merkur-programmet, men dei har ikkje mandat til å driftsstøtte, som direkte til ei straumrekning vil vere, men støtte til investeringar og utvikling.
Fagansvarleg for Merkur-programmet, Steinar Fredheim, fortel til Vestavind at dei fram til siste veke ikkje hadde høyrd så mykje om distriktsbutikkane sine utfordringar med straumrekninga, men at ting byrja å røyre på seg tysdag demme. No har fleire tatt kontakt.
— Me har no sett i gang eit kartlegging for å få eit bilde av situasjonen, og vil på bakgrunn av det vi finn gå vidare med saka til kommunal- og distriktsdepartementet. Det skjer truleg rett over helga opplyser han.
Frp-Njåstad: — Skremmande
Stortingspolitikar for Hordaland, Helge Andre Njåstad (Frp), synes det er skremmande å høyre at nærbutikkar får så høge straumrekningar, som den i Auklandshamn har fått.
Njåstad sit i kommunal- og forvaltingskomiteen, og er glad for å høyre at Merkur-programmet har set i verk ei kartlegging.
— Me må sjølvsagt forsøke å gjere det me kan for å hjelpe, seier han til Vestavind.
Samstundes retter han kritikk mot regjeringa.
— Me kan kanskje hjelpe via Merkur-ordninga, men det løyser ikkje hovudproblemet med dei høge prisane som nå råkar både private og næringslivet. Dette blir berre verre og verre. Kven skulle trudd, at etter berre 100 dagar med Senterpartiet i regjering er det krise både for landbruket og krise for nærbutikkane i distrikta, seier han.
Njåstad meiner den beste løysinga vil vere å få på plass ein makspris for straum i Noreg.