koronasenter
korona
covid-19
Frå det lokale testsenteret som held til i Aksdal. ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN

— Ikkje ta PCR-test om du ikkje har bruk for det

Sveio kommune ber ibuarane om å ikkje ta PCR-test for å bekrefta positiv sjølvtest.

— Det er nå stor belastning på test- og analysekapasiteten hos kommunane og på laboratoria. For ikkje å auka belastninga er det viktig at du ikkje tar PCR dersom du ikkje har behov for det, skriv kommunen på si nettside.

Kommunen skriv at dei som har fått oppfriskingsdose eller har fått to vaksinedosar og hatt covid-19 i løpet av dei tre siste månadane, ikkje lenger bør ta PCR-test på koronasenteret for å få bekrefta positivt resultat av ein sjølvtest. Kommunen viser til at positive resultat av sjølvtestar er veldig sikre.

— Dersom testen viser at du er smitta, kan du rekna med at det er riktig. Det er ingen smittevern-fagleg grunn til å ta ein ny test for å bekrefta positivt resultat av ein sjølvtest.

Desse bør ta PCR-test

Dei som derimot blir oppmoda til å ta PCR for å få bekrefta resultat av positiv sjølvtest er:

  • Barn opp til 16 år
  • Uvaksinerte
  • Personar i risikogrupper
  • Personar som ikkje har fått tre dosar og trenger koronasertifikat

Får du positivt resultat på en sjølvtest, ber kommunen om at du registrerer det, slik at kommunen kan halde oversikt over smittesituasjonen.

— Førebels skal positivt resultat registrerast i Tysvær ved at du ringer til koronasenteret i opningstida så snart som mogeleg etter positivt resultat på sjølvtesten, skriv kommunen.

Gratis sjølvtest

Kommunen presiserer at Helsedirektoratet anbefaler at alle med symptom på covid-19 tar ein sjølvtest. Du får gratis sjølvtest dersom du har symptom, er nærkontakt eller ved smitteutbrot.

  • Koronasenteret i Tysvær
  • Servicekontoret på Sveio kommunehus
  • Ved skular og barnehagar i Sveio kommune, dersom du har barn i den aktuelle skulen eller barnehagen

Alle som testar positivt skal i isolasjon i seks døgn, og sjølv informere nærkontaktar.

Nummeret dit er 52 75 74 00.