nyhende
Nynorsk-kommunar må bruke tid på å omsette korona-informasjon
Viktig pandemi-informasjon frå helsestyresmaktene kjem berre på bokmål. Nynorskkommunar slit med å få ut viktig informasjon til innbyggjarane. – Uhaldbart og i strid med språklova, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet.
Men nær all informasjon frå helsestyresmaktene har kome på bokmål.
– For ei veke sidan talde eg gjennom Helsedirektoratets koronamateriell til bruk for kommunar og fylkeskommunar og fann 14 filer på nynorsk, medan det låg 703 filer på bokmål, fortel Erlend Friestad, kommunikasjonsansvarleg i Hareid kommune til Nynorsk pressekontor.
Det utgjer rundt 2 prosent, langt frå dei 25 prosentane som språklova krev at kvar målform skal vere representerte med, – rett nok over tid.
For fleire kommunar som nyttar nynorsk som administrasjonsspråk, har de vore ei omstendeleg affære å få ut informasjonen til sine innbyggjarar.
– Det er ikkje det at me ikkje forstår bokmål, men som nynorskkommune skal me kommunisera med innbyggjarane på nynorsk i våre kanalar, seier Friestad, som snakkar på vegner av seks andre nærkommunar i Møre og Romsdal.
– Rein tekst kan me omsetje, og det er tidkrevjande nok, men også plakatar, banner og videoar til sosiale medium er i hovudsak på bokmål. Desse filene er ubrukelege for oss sidan dei ikkje kan redigerast, seier Friestad.
Må lage materiell sjølv
Friestad har sett seg lei på at dei må bruka tida på å laga informasjonsmateriale sjølve, når bokmålskommunane får det ferdig til å sende ut.
Han kan heller ikkje forstå kvifor Helsedirektoratet ikkje får dette til.
– Når dei først har brukt tid på å laga det grafiske eller ein videosnutt, er det ikkje mykje som står att for å få det på nynorsk. Og det må jo vera i deira interesse at materialet dei lagar også blir brukt av oss.
I 2020 hadde 90 kommunar vedtak om nynorsk som administrasjonsspråk.
Friestad påpeikar at mykje materiale finst på mange minoritetsspråk, som polsk, samisk, arabisk og urdu, men ikkje på nynorsk.
– Dette er ikkje for å setje språk opp mot kvarandre, sjølvsagt skal alle innbyggjarar få
informasjon på sitt språk. Men då kan vel dei lage nynorskversjonen også? spør han.
I Sveio kommune er det juridisk rådgjevar Bjarte Stølås Storli som jobbar mest med publisering på kommunen sine nettsider.
— Det er ikkje overveldande mykje å omsette, det hang saman med at vi baserer oss mykje på å lenke til den statlege informasjonen, seier han.
Men han legg til at som nynorsk-kommune er så klart også Sveio interessert i at statlege myndigheiter nyttar seg mest mogeleg av nynorsk, seier han.
— Jo meir nynorsk som blir brukt av statlege organ, jo betre er det, seier han.
Språkrådet: — Uholdbart
Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, er ikkje nøgd.
– Det er fullstendig uhaldbart. Helsedirektoratet har eit klart, objektivt ansvar. Vekslingskravet er heilt tydeleg i språklova. Målvekslinga skal skje heile tida. Det viser ein klar svikt i rutinane. Det skal ikkje skje og er ikkje i tråd med lovverket.
– Når det gjeld kommunikasjon med kommunar og materiale som er berekna på den einskilde kommunen, skal dei bruka språket som kommunen har språkvedtak om, seier ho.
Avviser kritikken
Kommunikasjonsdirektør Trine Melgård i Helsedirektoratet kommenterer kritikken slik:
– Dei siste to åra har vi jobba intenst med utvikling, produksjon og distribusjon av informasjonsmateriell om pandemien til befolkninga. Det aller meste har blitt laga både på nynorsk og bokmål, sjølv om kapasiteten, både internt og hos samarbeidspartnarar, har ført til at det stort sett er bokmål som blir ferdig først.
– Vi prøver alltid å gjere viktig informasjon tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk så raskt som mogleg. I nokre tilfelle har vi ikkje klart dette, og då er vi veldig glade for at vi får venlege påminningar. Det er sjølvsagt ikkje bra nok at sentrale statsorgan som oss ikkje har lukkast med å nå 25 prosent-kravet. Det må vi berre beklage og gjere vårt beste for å bli betre på, seier ho.
Fekk kritikk i 2020
Helsedirektoratet har også tidlegare fått påpåkning frå Språkrådet. I ei tilbakemelding på ein rapport om målbruken i direktoratet i 2020, stod det mellom anna:
«Det er så lite nynorsk på dei nettsidene de eig og administrerer, at det er nær null. Vi finn ikkje nynorsken kor godt vi enn leitar. Det er svært alvorleg.»
I si sjølvrapportering sa Helsedirektoratet i at dei ikkje hadde tid eller ressursar til å prioritere slikt språkarbeid i verksemda.
(©NPK)