nyhende
Skogen med karrierebeste på Hawaii
Sveibuen Bård Bjørnevik Skogen (20) leverte det som truleg kan reknast som den sterkaste prestasjonen hittil i golf-karrieren, då han vart nummer to i ei turnering på Hawaii i helga.
20-åringen frå Sveio held fram med å gjere sine saker særs godt for laget til Texas Tech University. I helga vart vårsesongen innleia med turneringa Amer Ari Invitational på Hawaii.
Tok leiinga
Bård Skogen sette seg tidlig i respekt i et sterkt felt med golfarar, ved å ta leiinga etter første runde med 66 slag torsdag. Då var han eitt slag framfor spanjolen Eugenio-Lopez Chacarre som skulle vise seg å bli den sterkaste konkurrenten gjennom helga.
I andre runde imponerte Skogen på nytt med ein 65-runde, og leia med 4 poeng mot spanjolen som trengte 68 slag på sin andre-runde.
Sette banerekord
Men då nemnde Chacarre under tredje og siste runde laurdag klinka til med utrolige 62 slag (10 under par) og ny banerekord på Hapuna Golf Course i tredje runde laurdag, måtte Skogen berre å ta av seg capsen og bukke for konkurrenten.
Skogen trengte på side 68 slag på sisterunden, dermed ble det spansk samanlagtsiger med 197 slag, mot Skogens 199.
Like fullt ein meget sterk prestasjon av Skogen som fullførte turneringen 17 slag under par.
Det var ikkje berre Skogen som kunne vere nøgd med helga. Laget hans Texas Tech kunne reise heim 2. plass for lag, slått med bare eitt poeng av laget til spanske Chacarre, Oklahoma State.