nyhende
Samla seg om nytt basseng
Eit samrøysta Sveio formannskap vil bruke 105 millionar kroner på å bygge nytt basseng.
— Tida er inne, og den er overmoden. Vi har eit basseng som snart har 50-årsjubileum. No er ikkje 50 år nokon alder i seg sjølv, men til basseng å vere har det kome til skjels år og alder, sa Rune Teikari (Frp) då han innleia debatten i saka om driftsform for eit framtidig basseng i Sveio.
Saman med Jarle Jacobsen (KrF) og Lars Einar Hollund (H) har han jobba fram forslaget som vart samrøysta vedtatt i formannskapet måndag kveld.
Forslaget vart fremja som eit alternativ til rådmannen sitt forslag, som i praksis ikkje gjekk ut på anna at ein skulle halde fram med å planlegge bassengdrifta som eit kommunalt føretak.
No ser det ut til at rådmannen får ein tydeleg marsjordre, etter tverrpolitisk semje om at det hastar det med å få på plass eit nytt basseng i Sveio kommune. Dette med atterhald om at kommunestyret er enig når dei får saka på bordet i slutten av månaden.
Prioriterer stupetårn
I vedtaket gis rådmannen marsjordre til å jobbe med to forskjellige anbod. Felles for begge anboda er bassenget skal vere 25 x 12,5 meter og djupne på maksimal 4 meter, 5 meters stupetårn og vassklie.
Beløpet på 105 millionar er omlag 13 millionar meir enn det rådmannen har lagt til grunn i eit notat. I den auka ramma har politikarane mellom anna tatt høgde for at dei ønskjer stupetårn.
Det som skil dei to alternative anboda som politikarane vil ha på bordet, er om ein skal ha eit eiga opplæringsbasseng, eller bygge eit 25 meters-basseng kor botnen kan hevast slik, at det på den måten kan nyttast også som opplæringsbasseng.
Lovpålagde oppgåver først
I vedtaket føreslås det ei minimumsdrift i første omgang, kor dei lovpålagde kommunale oppgåvene blir prioriterte. Samstundes skal det setjast ned ei politisk arbeidsgruppe som skal jobbe vidare med korleis ein skal utvikle publikumsbading.
— Der tenkjer ein å gå i dialog med frivillige lag og organisasjonar for å prøve å få til ei løysing slik at meg kan få eit opplegg rundt det når det gjeld publikumsbading, gjorde Lars Einar Hollund (H) greie for.
I vedtaket heiter det vidare at ein skal vurdere om nytt basseng og ny idrettshall skal byte planlagd lokalisering, slik at ny idrettshall kan bli integrert med Vigdartun og idrettshallen der.
— Me veit at det er ein del brukarar frå idretten som ser det som ein stor fordel å ha desse to hallene tett på kvarandre. Dette for å bruke begge anlegga på ein effektiv måte, når dei har arrangement som krev det, sa Hollund.
Ap er positive
Håkon Skimmeland (Ap) gav tidleg i debatten uttrykk for at han var positiv til det som vart lagt fram.
— Sveio Ap er glad for å registrere at vi i stadig større grad får støtte for det som heile tida har vore vårt syn på badeanlegg-saken, nemleg at ein finn den rette balansen på attraktivitet og økonomi, sa han.
Monica V. Valen (Sp) peikte på at prislappen på Suldalsbadet, som ho meiner er nokså likt det ein ønskjer seg i Sveio, kom på 150 millionar kroner.
— Me har ikkje diskutert dette skikkelig i vår gruppe. Men eg kan støtte forslaget i dag, og ta det vidare med gruppa fram til kommunestyret, la ho til.
Jarle Jacobsen (KrF) peika på at Sveio-økonomien er ein heilt annen i dag, enn til dømes i 2012, då saka var oppe den gongen.
— Me har opptente fondsmidlar og ein tryggleik som er ein heilt annan enn for 9-10 år sidan, sa han.
Han la til at han håper forslaget som formannskapet smala seg om står seg i kommunestyret, og at ein kan kome i gang med bygging ganske snart.
Ordførar Linn Therese Erve var veldig nøgd.
— Eg smiler, av fleire årsakar. Det gler mitt ordførarhjerte at det tverrpolitisk er jobba fram eit forslag til vedtak i ei stor sak som hare vore på agendaen i mange år i Sveio, sa ho.
Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg handsaming måndag 21. februar.